Apropos det vi akkurat skreiv om at barn ikkje lenger kan konsentrere seg om å lese vanlege bøker. Overskrifta er frå ein ingress på nettstaden Ny Teknik i dag. Det kan vi snart lese om i ei bok, om vi orkar, eller sjå på teater, om vi drar til Stockholm.
– Barn orker ikke å lese langt
I Klassekampen i dag er dette overskrifta på hovudoppslaget på kultursidene. Denne veka varslar avisa at dei skal sjå på korleis det står til med lesinga i Bokåret 2019. Artikkelserien held fram i morgon, og vi kjem til å leggje til litt om dei neste oppslaga nedanfor.
Men i dag er det først Bjørn Sortland, forfattar og professor i skrivekunst ved Norsk barnebokinstitutt, som kjem med inntrykka sine etter å ha vore saman med skoleungar og lese med dei og for dei. Vi siterer:
«I presentasjonen [av Bokåret] framholder Nasjonalbiblioteket, som står bak prosjektet, at «det er en enorm leseglede i det norske folk». Men stemmer det?
Bibliotek og katastrofeberedskap
Den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA har ei spesialgruppe for Evidence for Global and Disaster Health. Dei har hatt det tredje webseminaret sitt, med foredrag om korleis bibliotekarar kan få kontakt og påverknad når det oppstår slike situasjonar.
Særleg i USA er det fleire gode døme på at bibliotek går sterkt inn med hjelp til offer for naturkatastrofar (typisk orkanen Katrina, 2005) og sosial uro (typisk Ferguson, 2014). Og i Charlottesville i 2017, etter den høgreekstreme demonstrasjonen, var også biblioteka sterkt engasjerte både på universitetet, der mykje av dette fann stad, og i folkebiblioteka. Her har sosiale tiltak vore viktigast, men no skal helsekunnskapen løftast fram som biblioteka sit med.