Blant alle dei spennande arrangementa på Nasjonalbiblioteket i Oslo kom vi tilfeldig over eitt i morgon som ikkje har fått mykje blest: Talegjenkjenning på norsk. Dette er er viktig og handlar om den nære framtida, også i biblioteket. Stikkord: Tilgjengelegheit.
Ser ikkje at det blir handsama spesielt, men dei har vel også tenkt på at vi har to, eller fleire, skriftspråk, og alle dialektane?
Det står at møtet blir sendt direkte, men vil det også kome på video?
Klassekampen held fram med serien om Lesing i Bokåret, der vi i går fekk høyre korleis barn og unge har mista evna og lysta til å lese lengre tekstar. I dag er avisa på skolebiblioteket på Hauketo skole i Oslo og snakkar med ein lærar som gjerne vil lære ungane vanleg lesing igjen, og med Marte Blikstad-Balas, professor ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning på Universitetet i Oslo, som «ser at det er korte tekster og utdrag som får mest plass i skolehverdagen.»
Og ho set skulda på den nye læreplanen som «sier at tekstene som leses, skal overordnes konteksten. I norskfaget er mange store verk blitt lest kjapt som utdrag for å representere en bestemt litterær periode. Det kan gi mange utdrag og lite dybdelesing.»
Også forfattar og ex-biblioteksjef på Nesodden, Jon Ewo, blir intervjua om lettlestbøkene hans om «Otto Monster» som no blir korta ned for å kunne vere lettleste anno 2019: