Dette seier kulturredaktør i Vårt Land, Arne Borge, til Klassekampen i går, 21.9.19. Det handlar om kampanjen «Hele Norge leser», eit av dei største tiltaka i Bokåret 2019.
Borge si innvending er at «Kampanjeinformasjonen vitner om bokbransjens svake selvtillit. Det ser ikke ut til at de tror på bøker. Når de skal forklare hvorfor folk bør lese, viser de til en liste med fordeler som stressreduksjon, konkurransefortrinn og økte sosiale ferdigheter. … Problemet er at de snakker næringslivets språk. De klarer ikke få fram hva som er unikt med lesing. De kunne like gjerne byttet ut boka med et spaopphold på The Well.» Han meiner også at «Estetikken på kampanjemateriellet er … ganske jalla.»
Andre er også kritiske, mens kampanjeleiinga forsvarer vinklinga med at …
Ein del norske bibliotekfolk reiser vel framleis til Bokmessa i Göteborg, sjøl om «och bibliotek» ikkje lenger er med i namnet. Foreininga Bis – Bibliotek i samhälle – reklamerer i dag for eit seminar med tittelen «Bibliotekarien – aktivist eller tjänsteman?» fredag 27. september. Arrangør er Bibliotekshögskolan i Borås.
Bis viser til hendingar i Sverige dei siste åra: «Bibliotekarier har i den offentliga debatten uppfattats som aktivister när inköpsförslag nekats för att litteraturen sagts bryta mot förvaltningens värdegrund. JO [justisombudsmannen, vår merkn.] har riktat kritik mot detta då biblioteken ska bidra till kunskapsförmedling och fri åsiktsbildning.»
Sjølv tenkjer vi på kampane mot nedskjeringar i Stockholm for tida. Bloggaren gjorde eit større intervju med ein av aktivistane der i sommar, Alice Thorburn.