Archive for oktober 3rd, 2019

oktober 3, 2019

Den stille lesesalen på 2020-talet?

British library Old reading roomJæ bara lurær, som vi seier i Østfold: Bloggaren har no ganske bra greip om å snakkeskrive, altså å bruke innlesing som blir til skrift, som så blir justert på eit tastatur. Men kva då med jobbing på eit bibliotek? Den stille lesesalen er jo tilpassa og utstyrt for studium og anna grundig jobbing, men bør vel framleis vere ganske stille. Kva med andre areal? Og kva den dagen «alle» jobbar på denne måten?

Fotoet er frå verdas mest ikoniske lesesal (?), The Old Reading Room, ved tidlegare British Library i London, no British Museum. Men salen har vore stengd, for ikkje å seie hermetisert, i fleire år. Bloggaren knipsa der i 2004. 

oktober 3, 2019

Miles og Jensen med meir

Skjermbilde 2019-10-03 14.20.28

Frå ei skoleoppgåve av Axel Jensen frå 1948. Faksimile i Jazznytt

I serien blogginnlegg med taggen Hugs tidsskrifta tipsar vi om tidsskrift og idear om formilding av dei. Vi informerte Norsk tidsskriftforening om denne verksemda, og no er både e-postkassa og den fysiske fulle av leseeksemplar! Så må vi ta eitt av gongen. Denne veka det nyaste nummeret av Jazznytt, med blant anna små artiklar («minner») om Miles Davis, skrivne av folk som Bjørn Stendahl, Arild Andersen, Palle Mikkelborg … you name them.

Og ikkje minst ein forsmak på ein komande biografi om Axel Jensen av Torgim Eggen. Her om Jensen sitt tilhøve til jazzen. Som var nært. Jazzen var den første, av fleire, subkulturar han hadde kontakt med.

Kva med ei utstilling i biblioteket av bøker rundt dette nummeret av Jazznytt? Om og av Axel Jensen og Miles Davis? Og alle har vel ikkje skrota CD-samlingane? Jazzbøkene står vel der i alle fall.

PS: Kven trudde jazz var for gamlisar? Jazznytt har i alle fall dei minste fontane (10 eller 9-punkts?!) i norsk tidsskriftflora.