Archive for oktober 4th, 2019

oktober 4, 2019

Kva med lokalhistoria når «alt» blir digitalt?

Skjermbilde 2019-10-04 14.52.13På postlista biblioteknorge spurde vi 6. august omlag dette:

Før i verda hadde alle fylkesbibliotek med respekt for seg sjølve full kontroll på den lokalhistoriske litteraturen for alle kommunar i eige fylke. Det var ein geografisk foredelingsplan. Men korleis går dette no? Når dei fleste fylkesbiblioteka berre er konsulentkontor og kursarrangørar? Og når tilknytninga til dei tidlegare «primærbiblioteka» (folkebiblioteka som fylkesbiblioteka var knytte til) ofte er ein skugge av kva ho var? Og når regionane gjer fylkesbibliotek til – kva? Bokhylla.no løyser litt av problemet, men ikkje for mengden av bøker som har kome sidan 2000. Og tenke på alt som no kjem på «eige forlag», sjølv om kvaliteten varierer (men slik var det jo med mange av dei gamle bygdebøkene også).

Det kom eit spennande svar frå Heidi S. Drageseth frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek om Mørerombasen deira (pluss ei breiside frå anna hald til formuleringa vår om at fylkesbibliotek «berre er konsulentkontor og kursarrangørar». Men når ein for lengst er stempla som kontraproduktiv, får ein vel leve opp til det).

Kom gjerne med fleire meiningar og konstruktive idear i kommentarfeltet nedanfor. 

I dag fann vi i eit svensk forum: Levande lokalsamling – en metodhandbok från Svedala bibliotek.

Nokre høgdepunkt:

read more »

oktober 4, 2019

Småkake med sting

Skjermbilde 2019-10-04 13.48.24

Småkaker, men ikkje frå Washington DC. Klikk og spol til 1 time og 24 minutt. Eller sjå heile filmen!

Når det no lir mot riksrettsak (impeachment) mot Trump har kafeteriaen i Kongressbiblioteket utvida småkakemenyen med ei Peach Mint Crumb Cake!

Om smakslaukar eig fantasi, så er ikkje våre utvikla nok til å kunne førestille seg smaken av dette bakverket. Men, som kjent, har vi sans for ordspel. Og harselas med autoritetar.

oktober 4, 2019

Når det gjeld e-bøker med og utan lyd …

… er det all grunn i desse dagar til å følgje Ørjan Persen sine vakne og kritiske artiklar (om mykje meir enn e-litteraturen) på plattforma Medium. Han overvåker feltet frå Bergen offentlige bibliotek, som er heilt i front på alt dette, og han sit i BF si arbeidsgruppe for e-bøker. Jaggu er han ikkje også i NBF sitt Utvalg for digital tilgang. Og tru om han ikkje har ein finger med i Facebookgruppa E-bøker i norske folkebibliotek.

Der vi i går kunne lese om at «folkebibliotekene vil få tilgang til rundt 2000 skjønnlitterære e-lydbøker for voksne fra Cappelen Damm i neste uke.» Neste veke tar til på måndag.