Archive for oktober 22nd, 2019

oktober 22, 2019

I garnet og til havresekken

Skjermbilde 2019-10-22 12.13.43

Det var enklare å finne frie bilete av ein bukk enn av fiskegarn

Sjølv om debattane om Plan S og Open Access har stilna samanlikna med i vinter, har ikkje Khrono sloppe temaet. I går publiserte dei ei sak av Simen Ådnøy Ellingsen ved NTNU som blir oppsummert slik: «Plan S gjør rett i å redusere innflytelsen til grådige kommersielle abonnementsforlag som Elsevier, men går rett i garnet til kommersielle og like grådige OA-forlag.» Og vidare: « … mange OA-forleggere er private foretak som til syvende og sist skal tjene penger for sine eiere, og bukken er blitt satt til å passe havresekken, betalt av offentlige forskningsmidler.»