Archive for oktober 24th, 2019

oktober 24, 2019

Privatiserte petimetersanningar

Fakta KK AlcalaI dag trykker Klassekampen første del av eit kraftig oppgjer med tenesta Faktisk.no, skrive av juristen Jesús Alcalá, tidlegare styreleiar av Amnesty International Sverige og tidlegare representant for Den internasjonale juristkommisjonen i Sverige. Faktisk.no er eit AS med store mediehus og NRK som aksjeeigarar og som blei oppretta, først i løynd, men offisielt lansert i juni 2017. Ikkje fleire detaljar no, for folk her på bloggen kjenner sikkert til tenesta, og mange har kanskje brukt henne i jobbsamanheng.

Men Alcalá meiner «jakten på petimetersannhet forvrenger perspektivene og fornuften. Faktisk er så besatt av sitt eget kall at …

read more »

oktober 24, 2019

Nettressursane og bibliotekkatalogen

Skjermbilde 2018-12-20 19.01.40Den utrøyttelege Open Access-pådrivaren Jan Szczepanski, pensjonert bibliotekar frå Göteborgs universitet, har lese ein ny artikkel på LIS Scholarship Archive: OA in the Open: Community Needs and Perspectives. Forfattarane har samla fagfolk med ulik bakgrunn for å drøfte utfordringane for å få OA-material meir tilgjengeleg gjennom biblioteka. Og eit første vilkår for å kome vidare er blant anna «to consider OA content as core to collection development — on a par with, if not perhaps superior to, paywalled content.» Der er vi ikkje enno. Og i tillegg sit institusjonane på kvar si tuve og kavar med dette. 

Så Szczepanski blæs ut på bibliotekforumet Biblist: «Hur länge ska vi vänta? Det har nu gått tjugo år sedan vi fick internet. När ska vi börja förvärva. Är det inte det som tillhör våra grunduppgifter som bibliotek? Varför lämnas OA-resurserna utanför? Vad kan och bör vi göra för att skapa grundförutsättningarna för att tillsammans förvärva fritt tillgängliga resurser? Eller ska vi överlämna även detta till kommersiella aktörer som redan idag styr stora delar av förvärvet till våra U/H-bibliotek.»