Archive for oktober, 2019

oktober 10, 2019

Gje meg to Vålerenga og ein Holmenkollen!

I fleire byar i Finland, ifølgje Yle, låner biblioteka ut sesongkort til idrettsarrangement. Sjefen for eit basketlag seier at «prisnivån på hobbyer har stigit så mycket att alla inte har råd.»

Du får ikkje låne for heile sesongen, men typisk ein gong per lånar per sesong. Supportarcaps og -skjerf burde vel også følgje med?

oktober 10, 2019

E-lydboka i draumen og i røynda

Ørjan Persen snakka tysdag om e-lydboka på Bibliotekarforbundet sin konferanse om emnet. Ei viktig oppsummering av stoda per oktober 2019. Han set krisa for mediet i relieff med reknestykke på prisen per utlån eller lytting samanlikna med lydbok på CD. Og han kritiserer forslaget til løysing frå Nasjonalbiblioteket.

Kommentarfeltet nedanfor er for debatt og spørsmål!

oktober 7, 2019

Murica t’day

Freedom America New York City Statue Of Liberty

Dette merkelige USA, med ein president som lyg for open mikrofon fleire gongar i veka, mens eit arrangement 16. oktober på eit universitetsbibliotek i Greenwich Village, NYC, blir introdusert med desse orda:

«Libraries have long played a crucial role in cultivating the intellectual life of communities. They serve as a refuge for revolutionary ideas and all forms of creative expression. They document the evolution of society and culture to help us better understand the world around us. And they spark our creativity, enabling us to imagine better futures.» (H. Austin Booth, Dean of NYU’s Division of Libraries).

Dette kan vere ein tekst i festtale-sjangeren, men når festtalarane begynner å snakke om revolusjonære idear, er det kan hende noko på gang?

oktober 7, 2019

«Kvantesprang» for Plan S

plan s logoPressemelding fredag frå Kunnskapsdepartementet, men som berre universitets- og forskingsavisene har fått med seg til no:

«Norge har nå undertegnet avtaler med de fire største forskningsforlagene.Det betyr at norske forskningsresultater kan publiseres åpent i over 7 400 tidsskrifter. Det utgjør om lag 40 prosent av tidsskriftene som norske forskere rangerer som de beste.»

Forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø seier: «Det har ikke vært enkelt, men nå har vi landet avtaler som få trodde var mulig da forhandlingene startet. Vi har ikke vunnet kampen om åpen publisering ennå, men vi har fått den drivkraften vi trenger for å på plass lignende avtaler med alle forlag i løpet av neste år.»

oktober 7, 2019

Om Nettet tok kvelden

Skjermbilde 2019-10-07 08.48.45Nettstaden Gizmodo har ei sak om kva som ville skje om Internettet over heile verda berre brått slutta å virke. Dei har spurt eit knippe ekspertar (!) på dette emnet og fått … svar. På plussida noterer vi at vi ikkje treng å dra på jobben, for der vil ingenting virke, og at kloakksystema vil virke, i alle fall ei stund, for der er det tyngdekrafta som gjeld. Dei fleste er einige i at bankane vil bli historie før du får sagt ordet kollaps, mens fiskarane kan få tatt ein siste tur til fiskebankane så lenge dei har drivstoff på tanken. Nord-Korea vil truleg klare seg best. Men det vil vi aldri få vite noko om, ikkje no heller. I alle fall ikkje no.

Men alle er faktisk ikkje like pessimistiske på mellomlang og lang sikt. Ein professor, som her blir presentert som oppfinnaren av pakkesvitsjinga, ein føresetnad for Internett (men som dei «eigentlege» oppfinnarane, dreg i tvil), seier slikt som at «People would start thinking again. Libraries would thrive

Interessant nok vil vel meiropne bibliotektilbod …

read more »

oktober 4, 2019

Kva med lokalhistoria når «alt» blir digitalt?

Skjermbilde 2019-10-04 14.52.13På postlista biblioteknorge spurde vi 6. august omlag dette:

Før i verda hadde alle fylkesbibliotek med respekt for seg sjølve full kontroll på den lokalhistoriske litteraturen for alle kommunar i eige fylke. Det var ein geografisk foredelingsplan. Men korleis går dette no? Når dei fleste fylkesbiblioteka berre er konsulentkontor og kursarrangørar? Og når tilknytninga til dei tidlegare «primærbiblioteka» (folkebiblioteka som fylkesbiblioteka var knytte til) ofte er ein skugge av kva ho var? Og når regionane gjer fylkesbibliotek til – kva? Bokhylla.no løyser litt av problemet, men ikkje for mengden av bøker som har kome sidan 2000. Og tenke på alt som no kjem på «eige forlag», sjølv om kvaliteten varierer (men slik var det jo med mange av dei gamle bygdebøkene også).

Det kom eit spennande svar frå Heidi S. Drageseth frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek om Mørerombasen deira (pluss ei breiside frå anna hald til formuleringa vår om at fylkesbibliotek «berre er konsulentkontor og kursarrangørar». Men når ein for lengst er stempla som kontraproduktiv, får ein vel leve opp til det).

Kom gjerne med fleire meiningar og konstruktive idear i kommentarfeltet nedanfor. 

I dag fann vi i eit svensk forum: Levande lokalsamling – en metodhandbok från Svedala bibliotek.

Nokre høgdepunkt:

read more »

oktober 4, 2019

Småkake med sting

Skjermbilde 2019-10-04 13.48.24

Småkaker, men ikkje frå Washington DC. Klikk og spol til 1 time og 24 minutt. Eller sjå heile filmen!

Når det no lir mot riksrettsak (impeachment) mot Trump har kafeteriaen i Kongressbiblioteket utvida småkakemenyen med ei Peach Mint Crumb Cake!

Om smakslaukar eig fantasi, så er ikkje våre utvikla nok til å kunne førestille seg smaken av dette bakverket. Men, som kjent, har vi sans for ordspel. Og harselas med autoritetar.

oktober 4, 2019

Når det gjeld e-bøker med og utan lyd …

… er det all grunn i desse dagar til å følgje Ørjan Persen sine vakne og kritiske artiklar (om mykje meir enn e-litteraturen) på plattforma Medium. Han overvåker feltet frå Bergen offentlige bibliotek, som er heilt i front på alt dette, og han sit i BF si arbeidsgruppe for e-bøker. Jaggu er han ikkje også i NBF sitt Utvalg for digital tilgang. Og tru om han ikkje har ein finger med i Facebookgruppa E-bøker i norske folkebibliotek.

Der vi i går kunne lese om at «folkebibliotekene vil få tilgang til rundt 2000 skjønnlitterære e-lydbøker for voksne fra Cappelen Damm i neste uke.» Neste veke tar til på måndag.

oktober 3, 2019

Den stille lesesalen på 2020-talet?

British library Old reading roomJæ bara lurær, som vi seier i Østfold: Bloggaren har no ganske bra greip om å snakkeskrive, altså å bruke innlesing som blir til skrift, som så blir justert på eit tastatur. Men kva då med jobbing på eit bibliotek? Den stille lesesalen er jo tilpassa og utstyrt for studium og anna grundig jobbing, men bør vel framleis vere ganske stille. Kva med andre areal? Og kva den dagen «alle» jobbar på denne måten?

Fotoet er frå verdas mest ikoniske lesesal (?), The Old Reading Room, ved tidlegare British Library i London, no British Museum. Men salen har vore stengd, for ikkje å seie hermetisert, i fleire år. Bloggaren knipsa der i 2004. 

oktober 3, 2019

Miles og Jensen med meir

Skjermbilde 2019-10-03 14.20.28

Frå ei skoleoppgåve av Axel Jensen frå 1948. Faksimile i Jazznytt

I serien blogginnlegg med taggen Hugs tidsskrifta tipsar vi om tidsskrift og idear om formilding av dei. Vi informerte Norsk tidsskriftforening om denne verksemda, og no er både e-postkassa og den fysiske fulle av leseeksemplar! Så må vi ta eitt av gongen. Denne veka det nyaste nummeret av Jazznytt, med blant anna små artiklar («minner») om Miles Davis, skrivne av folk som Bjørn Stendahl, Arild Andersen, Palle Mikkelborg … you name them.

Og ikkje minst ein forsmak på ein komande biografi om Axel Jensen av Torgim Eggen. Her om Jensen sitt tilhøve til jazzen. Som var nært. Jazzen var den første, av fleire, subkulturar han hadde kontakt med.

Kva med ei utstilling i biblioteket av bøker rundt dette nummeret av Jazznytt? Om og av Axel Jensen og Miles Davis? Og alle har vel ikkje skrota CD-samlingane? Jazzbøkene står vel der i alle fall.

PS: Kven trudde jazz var for gamlisar? Jazznytt har i alle fall dei minste fontane (10 eller 9-punkts?!) i norsk tidsskriftflora.