Archive for november, 2019

november 28, 2019

«E-boka» i 1959

Skjermbilde 2019-11-28 23.52.42Det er fredag, og sidan måndag har det vel ikkje kome noko nytt om e-boka og biblioteket? Så kan vi heller gå seksti år attende i tida og sjå på kva avislesarar i Chicago blei fortalde om framtidas teknologi. Ein av «comic strip»-ane (comic = teikneserie, og slett ikkje at det var komisk meint) viser ein families «Electronic Home Library». Vi les i kolonna til venstre (i det fullstendige biletet) at den første video-opptakaren faktisk var lansert (det var alt i 1954), men vi trur ikkje widescreen-projisering av mikrofilma bøker i taket kom lenger enn til fabuleringsstadiet.

november 28, 2019

Black Friday på bibliotekmåten

Deichmans filial i Nydalen i Oslo lanserer meirope bibliotek på svartfredagen. Det gratis bibliotektilbodet kan vanskeleg bli billegare, men ein kan få endå meir av herlegdomen.

november 28, 2019

Hoppsesongen er i gang

Dessverre er bloggaren rundt seksti mil unna når biblioteket i Eidsberg (Mysen) tysdag 3. desember slår til med maratonforedrag (182 minutt) om lokalhistorie. Blant anna om den my(s)tiske mellomalderborgen Valdisholm, som er inntakeleg berre når Glomma går nesten tørr (som ikkje er no!), og om den første verdsrekorden i skihopp, som faktisk blei sett i Eidsberg. På 9,5 meter. Rekordhaldaren var Olaf Rye (jau, han med den koselege parken på Grünerløkka i Oslo).

november 28, 2019

Bibliotekarbeid i vinterklede

Skjermbilde 2019-11-28 11.58.14Kvardagen på Larvik bibliotek etter brannen er ikkje som før. Men det er smil å sjå. 🙂

Måndag delte vi nokre tankar og lesetips om bibliotek som tidlegare er råka av brann og liknande, og der lånarane har vore viktige for å sikre eit skikkeleg bibliotekløft då krisa var over.

 

november 28, 2019

Hugs tidsskrifta: BLFT!

blft_2019_01_2xBarnelitterært  forskningstidsskrift (BLFT) er eit av desse som kjem med eitt «nummer» i året, men som på nett publiserer enkeltartiklar når det passar dei. Alt er Open Tilgang (OA). Utgjevar er Norsk barnebokinstitutt, i samarbeid med Universitetsforlaget.

Blant artiklane i år:

  • Konsentrasjonsleir som metafor i skandinaviske bildebøker, av Tatjana Kielland Samoilow
  • Climate Fiction in Nordic Landscapes, av Lykke Guanio-Uluru
  • «Moltemyrene våre skal få stå gule». Økologi og kultur i Birger Jåstads barnebøker

Fleire bloggpostar i serien «Hugs tidsskrifta».

november 27, 2019

«Tidsskrift – ei uåpna skattkiste»

Skjermbilde 2019-11-27 22.36.10Dette er tittelen på eit programpunkt på Bibliotekmøtet i 2012 (der bloggaren ikkje var) og ein samtidig artikkel på Tidsskriftforeningen.no. Som vi alt saman oppdaga no. Her ser vi kor mange opne dørar vi eigentleg slo opp då vi tidlegare i år først spurde, pessimistisk
«Tida over for tidsskrift i folkebibliotek?», og så starta serien «Hugs tidsskrifta». For dette hadde kanskje hundrevis av bibliotekfolk lytta til og diskutert på møtet for sju år sidan. Utan at det dermed skjedde så mykje. Så ein reprise skada nok ikkje.

I artikkelen hos Tidsskriftforeningen blir det vist til ein faktaboks med «ti tips til bibliotekarer som vil synliggjøre sine tidsskrift». Men faktaboksen er ikkje der. Derimot blir det vist til at artikkelen opprinneleg sto i Bok og bibliotek nr. 3, 2012. Og her finst artikkelen og faktaboksen på sidene 52 – 53.

Dei som hadde ansvar for programpunktet om tidsskrift på Bibliotekmøtet var Bente Riise, leiar i Norsk tidsskriftforening, Eva Haga Rogneflåten, rådgjevar i Nasjonalbiblioteket og Line Fallan Sørensen, rådgjevar i Norsk kulturråd. Dåverande, i alle fall.

november 27, 2019

Gladnytt: ALLE norske rettsavgjerder skal bli FRIE!

Skjermbilde 2019-11-27 21.27.53

Lat oss feire med desse! Klikk og kikk. Og lytt

Etter ein lang kamp i rettssalane, med delvis siger og delvis tap, kan vi lese i Aftenposten i kveld at dette kravet til folka bak rettspraksis.no i dag er innfridd av regjeringa. Dette er ei sak vi har følgt heile vegen her på bloggen.

Og kanskje endå meir oppsiktsvekkjande: Lovdata, som i mange år har basert verksemda si på årsabonnement på 15 tusen kroner (!) for høgsterettsavgjerdene, er ikkje nemnt i samanheng med den utvida tenesta:

Nestleiar i Justiskomiteen, Peter Frølich (H), seier til Aftenposten: «Det trenger ikke koste så altfor mye. Det finnes systemer for å anonymisere dommene. Så trenger man en server for å lagre informasjonen og kanskje en redaktør. Mer komplisert trenger det ikke være».

november 27, 2019

Sjå opp for falske universitet. Og bibliotek?

ag3nt 58

Skarp situasjon i bibliotek. Sjå opp for slike. Kjelde: Wikimedia Commons.

Dei US-amerikanske immigrasjonsovervåkarane i ICE har oppretta eit falsk universitet eine og aleine for å tiltrekke seg og fakke utlendingar med studievisum, men som ikkje har returnert til heimlandet etter at det har utløpt.

Den dagen ICE har lese Andreas Vårheim sin artikkel om korleis «illegale» innvandrarar i USA kjenner seg tryggare på folkebibliotek enn dei fleste andre stader, dukker det vel opp falske bibliotek også? Eller dei bruker ekte bibliotek. Så vér på vakt.

 

november 27, 2019

Berekraftige bibliotek

I alle fall meir berekraftige enn Spotify, Apple Music og dei, skal vi tru Dagbladet i dag. Vi snakkar då om samlingane av CD-ar med musikk, som nokre bibliotek har skrota, andre ikkje.

Det same vil då gjelde filmar på DVD, samanlikna med Netflix og dei. Filmtilbodet her i landet etter Netflix, HBO osv. har vi skrive mykje om på bloggen. Kvifor ikkje eit nasjonalt fjernlånssamarbeid for film?

>> PS. 27.11. kl 21.01: Så kjem dette i tillegg.

november 26, 2019

Fest på Hammersborg med overraskande deltaking

Skjermbilde 2019-11-26 12.56.09

Kva blir vitamintilbodet i Bjørvika? NB: Bloggen har ikkje opna for annonsar

Deichman har all grunn til å feire seg sjølv fredag 29. november med «den siste litterære festen på Deichman Hovedbiblioteket». Ikkje minst også fordi dei har fått med seg Jan Erik Vold og Tove Nilsen, to forfattarar og Oslo-patriotar som våren og sommaren 1992 brukte ganske mange riksavisspaltemeter til saman for å stoppe planane om eit nytt hovudbibliotek!

Apropos nytt-hovudbibliotek-debatten i 1992: I Bok og bibliotek nr. 3 det året opna redaktør Jan Olav Gatland dei ganske statlegbyråkratiske spaltane (slik det var den gongen) for den til då mest fargerike dekninga av ein bibliotekkontrovers i dette tidsskriftet. Med dåverande …

read more »

november 25, 2019

Språket, folkens!

Det er mange måtar å ikkje nå fram med ein bodskap på. Når biblioteksektoren slit med å få gjennomslag med e-bøker med og utan lyd, og når vi blir misforståtte, i beste fall, i forskarkretsar, kan det nok også ha med språket å gjere. Vi må lære oss å kommunisere med Marknaden, som no snart er altomfattande. Når briljerte vi til dømes med slikt som «for å ha fullt fokus på våre vekstinitiativer jobber vi aktivt med forvaltning av vår eksisterende portefølje»?

november 24, 2019

Larvik: Bibliotek-rekonstruksjon før og no

IMG_6659

>>Nytt 24.11. kl 19: Høg temperatur på FB-gruppa “Ikke flytt biblioteket i Larvik”, bl.a. etter at red. i Østlands-Posten frontar flytting ut av sentrum. Gruppa har p.t. 2846 medlemmar!

Bibliotekbrannen i Larvik denne veka er trist som f for alle bibliotekvennar og eit reellt tap i lang tid framover for larvikingane og for dei tilsette. Omfattande bibliotekbrannar skjer heldigvis ikkje ofte, og her i landet skjedde det vel (?) sist i Kongsberg i 1988, i alle fall når vi snakkar om hovudbibliotek og i ein by. Hovudbiblioteket i Oslo var nær granne til den høgreekstreme terrorbomba 22. juli for åtte år sidan og måtte halde stengt i to månader, men samlingane blei ikkje spesielt sterkt råka.

>> Hugs at Larvik bibliotek eigentleg skulle vore ein «firkløver», men den fjerde bygningskroppen, med to etasjar, blei ikkje bygd. Sjå tidsskriftet Byggekunst, nr. 3, 1986.

Éin ting er dei fysiske samlingane. I dag har vi Depotbiblioteket til sånt, men kor mange antikvariat er ikkje nedlagde dei siste åra. Politikarar og andre spare-kåte kan tenkje at digitaliseringa gjer det enklare og billegare, men er det sant? Korleis er det eigentleg å rekonstruere eit skikkeleg bibliotek på 2020-talet?

Og korleis vil politikarane takle debatten som alt har oppstått i Larvik om det bør bli attreising eller nybygg på tomta, eller flytting og eventuellt nybygg ein annan stad? Forslag om ei billegare tomt i utkanten, vil sikkert kome opp (såg dette no: «Kommunen har flere behov å dekke enn å holde et bibliotek»).

Når det gjeld kampen for ei skikkeleg gjenreising er det kan hende mest å hente av røynsler frå ein annan skandinavisk by på L, nemlig svenske Linköping. Sjå nedanfor.

read more »

november 22, 2019

Idyllen raknar i Bok-Noreg

Skjermbilde 2019-11-22 17.34.26

Akademibokhandeln er Sveriges leiande bokhandelkjede …

I Kommunal Rapport i dag har Birgithe Schumann- Olsen, biblioteksjefen i Øvre Eiker, eit frå bibliotekhald uvanleg krasst, men naudsynt oppgjer med alvorleg kunnskapsløyse og fordommar om bibliotek. Ho svarer på ein kronikk i same seriøse organ for ei veke sidan, skriven ikkje av kven som helst, men av Nina Kristiansen, ansvarleg redaktør i det antatt minst like seriøse Forskning.no.

Schumann-Olsen opnar slik: «Nina Kristiansen har funnet sin gamle kjærlighet, biblioteket i Hokksund. Men sorry, Nina, jeg vil ikke være gamlekjæresten din! Vil du ha kjangs, må du være interessert og følge med i timen. For det bildet du lager av norske bibliotek fra godstolen i Hokksund, er virkelig uvitenskapelig».

Og vidare: « … én ting er harselering med et landsens bibliotek. Verre er inntrykket av at redaktøren i forskning.no ikke vet hvilken kamp bibliotekene kjemper for å få lov til å låne ut e-litteratur. Å hevde at manglende tilgang til e-bøker skyldes bibliotekarenes forelskelse i papir, er skikkelig gårsdagens».

Men dette er dessverre ikkje eineståande. I sommar omtalte vi her på bloggen boka …

read more »

november 21, 2019

Gjesp

Skjermbilde 2019-11-21 12.46.20Så er vi kome til haustens mest sjølvoppfyllande eventyr, Difi si Innbyggarundersøking. Og her er biblioteket, igjen, den mest populære offentlege tenesta, saman med brannvesenet. Og like sjølvsagt plan- og bygningskontoret, NAV og barnevernet på botnen.

Vi siterte Anders Kirkhus ved SINTEF sin kritikk av dette tidlegare i år og tilbyr her ein reprise på dette, som vi utan å ta kjeften for full kan kalle falske fakta frå statsapparatet.

I alle fall når, som Kommunal Rapport i dag, igjen slår det opp ganske ukritisk og den øvrige pressa i dagane som kjem vil gjere det same (men KR siterer faktisk Difi på følgjande (ikkje på ope Nett): «- Det knytter seg derfor en viss usikkerhet til skårene, … Svarene som omhandler omsorgsfeltet knytter det seg også en viss usikkerhet til. Mange av dem som har svart har latt være å gi sine vurderinger av de ulike tjenestene eller svarer «vet ikke»).

I reknearket med detaljar frå spørjeundersøkinga er det på ny litt meir fornuftig kunnskap å hente, om ein då ser bort frå den store veit-ikkje-prosenten, sjå ovanfor. Blant anna har talet på svararar som har «personlig erfaring» fra bruk av biblioteket …

read more »

november 20, 2019

Kommunikasjon og kunnskap i Midt-Austen

Skjermbilde 2019-11-20 22.07.23

Diagrammet i Klassekampen 20.11. viser den internasjonale auken i Nett-stengingar

I dag skriv Gizmodo om korleis styresmaktene i Iran har stengt Internett for folk flest i samband med opprøret der. På fjerde dagen er trafikken på nettet berre 5% av normalen, som truleg er det styresmaktene sjølv treng for å halde undertrykkinga gåande.

I oktober delte vi ei anna sak frå Gizmodo som vi kalte «Om Nettet tok kvelden». No skreiv mange i kommentarfeltet deira at total stenging ikkje er sannsynleg, fordi Nettet er slik konstruert at trafikken finn nye vegar. Men i land som Iran, Kina med fleire er det altså muleg å stenge. Iranske bibliotek er ikkje unntatte frå stenginga, kan vi konstatere.

Vi finn samtidig fram gårsdagens Klassekampen (19. november) og ein av mine favoritt-skribentar, Hussein Maxos, med spalta «Dagbok fra Damaskus». I går skreiv han om «Kunnskap eller mysterier», som går på korleis styresmakter, religiøse autoritetar og dessverre store delar av folk flest ser på kunnskap. Her ein smakebit:

read more »

Translate »