Sidan i går har bloggen passert 800 følgjarar og er faktisk på veg mot dei 900. Gratulere, seier også bloggaren.
801
Frå Illuminati til tørrfesk

Sikringsbibliotek. Her frå Chetham-biblioteket i Manchester
Detaljane frå Dan Brown sin røvarroman «Engler og demoner» har gått i gløymeboka (sic!), men det var vel noko med eit besøk i Vatikanet sitt ekstremt hemmelege bibliotek som gjorde det muleg å redde Verda frå ein større eller mindre undergang.
Men vi hugser godt korleis Morgenbladets sjølvutnemnde «kvasi-forsker» Espen Grønlie hadde fått tilgang til biblioteket, «det som ikke bare for konspirasjonsteoretikere, men også for enkelte av oss mer moderate paranoikere, er det mest fascinerende stedet i verden». Og han skriv at «P.A. Munch, [var] i 1859 … en av de første ikke-katolikkene som fikk tilgang».
Då blir det ikkje fullt så oppsiktsvekkjande som NRK vil ha det til at ein italiensk fotograf og forfattar har fått sleppe inn («Du må være forsker, ambassadør eller en annen «viktig» person»). Men det ho var ute etter, og fekk sjå, var …