Archive for november 14th, 2019

november 14, 2019

Når bibliotekutdanninga møter universitetet?

Spørsmålsteiknet fortel at dette veit bloggaren lite om, men ein stad må kunnskapstileigninga starte. Kan hende i kommentarfeltet nedanfor?

No er altså den viktigaste bibliotekarutdanninga i landet blitt del av eit universitet. Kva kan det bety for utdanninga, faget og profesjonen (om vi kan kalle bibliotekfaget dét)?

Utgangspunktet er ein kronikk i Klassekampen 7. november av fysikar og universitetslektor Ronny Kjelsberg ved NTNU, som igjen bygger på eit foredrag han heldt på Nesna i oktober og som han no har publisert på heimesida si: To kulturer: Når profesjonsutdanningene møter Universitetet.

Bakgrunnen for seminaret på Nesna var sjølvsagt nedlegginga av høgskolen der og desimeringa av denne institusjonen. Der er det ikkje bibliotekutdanning (det var rett nok eit grunnfag i samlingsutvikling nokre år på 1990-talet, i samarbeid med NB Rana), men mykje av det han skriv bør ha generell interesse. Til dømes diskusjonen, eller påstanden hans, at profesjonsfaga kjem i fare når høgskolar blir slått saman med universitet. Kjelsberg skriv: «Vi hører i Trøndelag at lokale næringsforeninger og aktører savner Høgskolen i Sør-Trøndelag. NTNU er ikke lokalt til stede på samme måte som høgskolen var – hodet er et annet sted. Kanskje i skyene, der det drømmer om neste nobelpris?»

No kan ikkje leiinga og forskarane ved bibliotekutdanninga ved OsloMet drøyme om slike prisar, men nuiallafall (er i svensk modus, etter å ha vore hos bibliotekprofessor Joacim Hansson ved universitetet i Växjö og prata om bibliotekarrolla).