Archive for november 16th, 2019

november 16, 2019

Fakta ved fleirtal

Skjermbilde 2019-11-16 21.12.49

EU-parlamentet. Utsnitt. Foto: Diliff / Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)

«Hva blir det neste historiske spørsmålet politikere skal avgjøre ved avstemning?»

Spørsmålet blei stilt i Morgenbladet for eit par veker sidan av historieprofessor Terje Tvedt. Det handlar om Europaparlamentet sitt vedtak 19. september av ein resolusjon om «betydning av europeiske minner for Europas fremtid». Dei bestemte, ifølgje Tvedt, «med simpelt og overveldende flertall at Stalin og Hitler i fellesskap hadde skylden. Poenget her er ikke politikernes konklusjon i og for seg, eller at de brøt tvert med hva som har vært den absolutt dominerende tolkningen i fagmiljøene, eller at Russland blir fortørnet. Det urovekkende er at Europas fremste politiske forsamling oppfører seg som om det er et historikernes sannhetsministerium.»

Skal dette vere metoden i tida som kjem når vi skal utrydde falske fakta og nyheiter?

Morgenbladet sitt intervju med Terje Tvedt var i samband med at Nasjonalbiblioteket no køyrer ei foredragsrekke med med han «mot samtidens historieløshet» (bra, NB!).

Apropos Tvedt, så har han også meiningar om bibliotek. Punch-linja hans under bibliotekleiarkonferansen i 2007 var: «– Når «alle er enige» må biblioteka presentere det kontrære.» Tygg litt på den.

november 16, 2019

Bildebøker og kjensler

krigenI ein periode med mykje anna å gjere enn blogging, har serien «Hugs tidsskrifta» blitt skadelidande. Men skjerpings er på gang, og i dag har vi, via Idunn.no, fått det nyaste nummeret av Edda, «det ledende internasjonale tidsskriftet for litteraturforskning i Norden.» Med opne artiklar, blant anna «Bildebøker og emosjonelle leserreaksjoner» om Krigen av Gro Dahle og Kaia Dahle Nyhus og Det første barnet på månen av Bjørn Arild Ersland og Lars M. Aurtande, og «Når nasjonens likevekt rystes». En komparativ analyse av kanonlitteraturens rolle etter terrorangrep»,  som er en «komparativ analyse av «Til ungdommen» (1936) og Traité sur la tolérance (1763) sin plass og funksjon i den kollektive responsen etter terrorangrepene i Oslo og på Utøya 22. juli 2011 og i Paris i januar 2015.»

november 16, 2019

Med tankane på springmarsj

Skjermbilde 2019-11-16 13.09.55

Bringsværd 80. Foto: Chris Nyborg/ Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)

Eit steinkast eller sju nord for Moss ligg landsbyen Hølen i Vestby kommune. I 2004 var bibliotekfilialen der truga med nedlegging. Då skreiv dagens 80-årsjubilant, hørningen og forfattaren Tor Åge Bringsværd, eit lesarinnlegg i Moss Avis. På ein nettstad underteikna hadde på den tida, fekk eg lov av forfattaren å gjenbruke det. Han har sikkert ikkje noko imot at eg gjenbruker det endå ein gong, her og no.

Filialen gjekk likevel ut av soga, men heldt på eit vis fram på trass og basert på lokal dugnad med frivillige amatørar. Dei fekk behalde bøkene og fekk bruke lokalet. Det blei ein fin, liten kafé kombinert med boksamlinga. Men eigentelege bibliotek blir ikkje slike særleg lenge, sjå berre døma på dette i Storbritannia og andre stader. Men her kjem Bringsværd sin tekst, og gratulere med dagen:

read more »