>>Nytt 24.11. kl 19: Høg temperatur på FB-gruppa “Ikke flytt biblioteket i Larvik”, bl.a. etter at red. i Østlands-Posten frontar flytting ut av sentrum. Gruppa har p.t. 2846 medlemmar!
Bibliotekbrannen i Larvik denne veka er trist som f for alle bibliotekvennar og eit reellt tap i lang tid framover for larvikingane og for dei tilsette. Omfattande bibliotekbrannar skjer heldigvis ikkje ofte, og her i landet skjedde det vel (?) sist i Kongsberg i 1988, i alle fall når vi snakkar om hovudbibliotek og i ein by. Hovudbiblioteket i Oslo var nær granne til den høgreekstreme terrorbomba 22. juli for åtte år sidan og måtte halde stengt i to månader, men samlingane blei ikkje spesielt sterkt råka.
>> Hugs at Larvik bibliotek eigentleg skulle vore ein «firkløver», men den fjerde bygningskroppen, med to etasjar, blei ikkje bygd. Sjå tidsskriftet Byggekunst, nr. 3, 1986.
Éin ting er dei fysiske samlingane. I dag har vi Depotbiblioteket til sånt, men kor mange antikvariat er ikkje nedlagde dei siste åra. Politikarar og andre spare-kåte kan tenkje at digitaliseringa gjer det enklare og billegare, men er det sant? Korleis er det eigentleg å rekonstruere eit skikkeleg bibliotek på 2020-talet?
Og korleis vil politikarane takle debatten som alt har oppstått i Larvik om det bør bli attreising eller nybygg på tomta, eller flytting og eventuellt nybygg ein annan stad? Forslag om ei billegare tomt i utkanten, vil sikkert kome opp (såg dette no: «Kommunen har flere behov å dekke enn å holde et bibliotek»).
Når det gjeld kampen for ei skikkeleg gjenreising er det kan hende mest å hente av røynsler frå ein annan skandinavisk by på L, nemlig svenske Linköping. Sjå nedanfor.