Archive for november 27th, 2019

november 27, 2019

«Tidsskrift – ei uåpna skattkiste»

Skjermbilde 2019-11-27 22.36.10Dette er tittelen på eit programpunkt på Bibliotekmøtet i 2012 (der bloggaren ikkje var) og ein samtidig artikkel på Tidsskriftforeningen.no. Som vi alt saman oppdaga no. Her ser vi kor mange opne dørar vi eigentleg slo opp då vi tidlegare i år først spurde, pessimistisk
«Tida over for tidsskrift i folkebibliotek?», og så starta serien «Hugs tidsskrifta». For dette hadde kanskje hundrevis av bibliotekfolk lytta til og diskutert på møtet for sju år sidan. Utan at det dermed skjedde så mykje. Så ein reprise skada nok ikkje.

I artikkelen hos Tidsskriftforeningen blir det vist til ein faktaboks med «ti tips til bibliotekarer som vil synliggjøre sine tidsskrift». Men faktaboksen er ikkje der. Derimot blir det vist til at artikkelen opprinneleg sto i Bok og bibliotek nr. 3, 2012. Og her finst artikkelen og faktaboksen på sidene 52 – 53.

Dei som hadde ansvar for programpunktet om tidsskrift på Bibliotekmøtet var Bente Riise, leiar i Norsk tidsskriftforening, Eva Haga Rogneflåten, rådgjevar i Nasjonalbiblioteket og Line Fallan Sørensen, rådgjevar i Norsk kulturråd. Dåverande, i alle fall.

november 27, 2019

Gladnytt: ALLE norske rettsavgjerder skal bli FRIE!

Skjermbilde 2019-11-27 21.27.53

Lat oss feire med desse! Klikk og kikk. Og lytt

Etter ein lang kamp i rettssalane, med delvis siger og delvis tap, kan vi lese i Aftenposten i kveld at dette kravet til folka bak rettspraksis.no i dag er innfridd av regjeringa. Dette er ei sak vi har følgt heile vegen her på bloggen.

Og kanskje endå meir oppsiktsvekkjande: Lovdata, som i mange år har basert verksemda si på årsabonnement på 15 tusen kroner (!) for høgsterettsavgjerdene, er ikkje nemnt i samanheng med den utvida tenesta:

Nestleiar i Justiskomiteen, Peter Frølich (H), seier til Aftenposten: «Det trenger ikke koste så altfor mye. Det finnes systemer for å anonymisere dommene. Så trenger man en server for å lagre informasjonen og kanskje en redaktør. Mer komplisert trenger det ikke være».

november 27, 2019

Sjå opp for falske universitet. Og bibliotek?

ag3nt 58

Skarp situasjon i bibliotek. Sjå opp for slike. Kjelde: Wikimedia Commons.

Dei US-amerikanske immigrasjonsovervåkarane i ICE har oppretta eit falsk universitet eine og aleine for å tiltrekke seg og fakke utlendingar med studievisum, men som ikkje har returnert til heimlandet etter at det har utløpt.

Den dagen ICE har lese Andreas Vårheim sin artikkel om korleis «illegale» innvandrarar i USA kjenner seg tryggare på folkebibliotek enn dei fleste andre stader, dukker det vel opp falske bibliotek også? Eller dei bruker ekte bibliotek. Så vér på vakt.

 

november 27, 2019

Berekraftige bibliotek

I alle fall meir berekraftige enn Spotify, Apple Music og dei, skal vi tru Dagbladet i dag. Vi snakkar då om samlingane av CD-ar med musikk, som nokre bibliotek har skrota, andre ikkje.

Det same vil då gjelde filmar på DVD, samanlikna med Netflix og dei. Filmtilbodet her i landet etter Netflix, HBO osv. har vi skrive mykje om på bloggen. Kvifor ikkje eit nasjonalt fjernlånssamarbeid for film?

>> PS. 27.11. kl 21.01: Så kjem dette i tillegg.