Det er fredag, og sidan måndag har det vel ikkje kome noko nytt om e-boka og biblioteket? Så kan vi heller gå seksti år attende i tida og sjå på kva avislesarar i Chicago blei fortalde om framtidas teknologi. Ein av «comic strip»-ane (comic = teikneserie, og slett ikkje at det var komisk meint) viser ein families «Electronic Home Library». Vi les i kolonna til venstre (i det fullstendige biletet) at den første video-opptakaren faktisk var lansert (det var alt i 1954), men vi trur ikkje widescreen-projisering av mikrofilma bøker i taket kom lenger enn til fabuleringsstadiet.
«E-boka» i 1959
Black Friday på bibliotekmåten
Deichmans filial i Nydalen i Oslo lanserer meirope bibliotek på svartfredagen. Det gratis bibliotektilbodet kan vanskeleg bli billegare, men ein kan få endå meir av herlegdomen.
Hoppsesongen er i gang
Dessverre er bloggaren rundt seksti mil unna når biblioteket i Eidsberg (Mysen) tysdag 3. desember slår til med maratonforedrag (182 minutt) om lokalhistorie. Blant anna om den my(s)tiske mellomalderborgen Valdisholm, som er inntakeleg berre når Glomma går nesten tørr (som ikkje er no!), og om den første verdsrekorden i skihopp, som faktisk blei sett i Eidsberg. På 9,5 meter. Rekordhaldaren var Olaf Rye (jau, han med den koselege parken på Grünerløkka i Oslo).
Bibliotekarbeid i vinterklede
Kvardagen på Larvik bibliotek etter brannen er ikkje som før. Men det er smil å sjå. 🙂
Måndag delte vi nokre tankar og lesetips om bibliotek som tidlegare er råka av brann og liknande, og der lånarane har vore viktige for å sikre eit skikkeleg bibliotekløft då krisa var over.
Hugs tidsskrifta: BLFT!
Barnelitterært forskningstidsskrift (BLFT) er eit av desse som kjem med eitt «nummer» i året, men som på nett publiserer enkeltartiklar når det passar dei. Alt er Open Tilgang (OA). Utgjevar er Norsk barnebokinstitutt, i samarbeid med Universitetsforlaget.
- Konsentrasjonsleir som metafor i skandinaviske bildebøker, av Tatjana Kielland Samoilow
- Climate Fiction in Nordic Landscapes, av Lykke Guanio-Uluru
- «Moltemyrene våre skal få stå gule». Økologi og kultur i Birger Jåstads barnebøker
Fleire bloggpostar i serien «Hugs tidsskrifta».