Som kjent har berre norske datamaskinar tilgang til det digitaliserte norske materialet i Bokhylla.no, ei uforståeleg haldning frå avtalepartnar Kopinor, som altså må meine at tilgang for dei rundt 15 millionar andre som kan lese nordiske språk vil undergrave salet av norske bøker som (per dato) er atten år gamle og eldre!
Men det finst tenester som er frie. Det norske Nasjonalbiblioteket er eit formidabelt «debattbibliotek» for folk i hovudstaden, og no strøymar dei mange av arrangementa sine og legg dei fritt ut både på video og podcast. Til dømes Terje Tvedt sine seks foredrag nyleg «mot samtidens historieløshet». I tillegg til kor viktig dette temaet er i tida vi lever i (det sjette og siste foredraget heiter «Er verden på vei mot stupet?»), er det modig gjort av arrangøren. For om Tvedt kanskje er ein av dei mest profilerte og populariserande samfunnsforskarane i landet, er han ikkjelitekontroversiell.
PS 1: På Steigan.no er det tilløp også til sakleg debatt etter at foredraga blei pusha der. Men NB burde også hatt kommentarfelt. Ein så stor organisasjon har råd til moderering av viktige debattar.
PS 2: Her på bloggen har bibliotekvenen Terje Tvedt fått meir enn heiderleg omtale etter eit fordrag på bibliotekleiarkonferansen i Drammen i 2007.
I går leverte Rusreformutvalet NOU-en sin til helseminister Bent Høie. Alt ser vi sterke meiningar om dette i pressa. Men vil det bli gode lokale debattar i denne saka som skal gjennomførast i kommunane på halvtanna år? Og rus er ei utfordring i kvar einaste kommune i landet. Og i kvar kommune, i alle fall i kvar region, finst det brukarar, pårørande og fagfolk som har kunnskap, røynsler og meiningar. Og kvar kommune har eit bibliotek. Som i 2014 fekk pålegg om å vere ein «arena for offentlig samtale og debatt.»
Apropos den nemnde ruskompetansen som finst over alt: Er det sikkert at dei les Norsk sosialogisk tidsskrift? Dét kan biblioteket gjere noko med. I dag publiserte tidsskriftet, på portalen Idunn.no nummer 6, 2019, der temaet er rus. I ulike sammenhenger. Og alt er gratis. Noko å tipse dei aktuelle etatane og kontora om.
Bokselskap.no og Nasjonalbiblioteket lanserer i dag i Open Access det viktige manuset som tidlegare riksbibliotekar Gerhard Munthe (1919 – 1997) jobba med på slutten av livet: «Historisk oversyn over norsk bibliotekhistorie.» Johan Henden ved NB har skrive eit godt forord.
Dette er noko meir enn dei digitaliserte bøkene på Bokhylla.no, for her kan du laste ned «hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.»
Ein smakebit om finansiering av bibliotek i 1827 i kapittel 15, «Almueboksamlinger og sognebiblioteker i bygdene»:
«I Rana fortalte sognepresten Iver Ancher Heltzen (1785–1848) at han der hadde hatt et godt håp om å få bygget opp et sognebibliotek i 1827. Da var nemlig et skipsmannskap blitt ilagt en bot på 18 Spd., og dette beløp hadde man nå bestemt skulle bli brukt til innkjøp av de første bøker til et planlagt sognebibliotek.»
Har du sakna ein seriøs guide til julehefta? Som etter kvart er blitt så dyre at biblioteka bør vurdere å ha dei av reinspikka sosiale grunnar. I alle fall eit utval.
I bunken vår av leseeksemplar av tidsskrift etter at vi på bloggen starta serien Hugs tidsskrifta, ligg det også nokre heil-elektroniske, og eitt av dei er Empirix, som du kan få gratis via nyheitsbrev på e-post ein gong i månaden. Dei legg ut to nye artiklar kvar veke, som dei meir utolmodige kan lese på nettsida deira.
Og som dei alt innvigde veit, har dei ein artikkelserie med namnet «På biblioteket».
Emprix seier om seg sjølv at dei «har som mål å løfte journalistikken og kritikken om tegneserier i Norge. … Vi mener alle medier må forstås på sine egne premisser, men den offentlige samtalen om tegneserier er bare unntaksvis på samme nivå som den tilsvarende meningsutvekslingen om film, musikk, scenekunst eller litteratur. Empirix er støttet av Grafill, Fritt ord og Norsk kulturråd, men er redaksjonelt uavhengige».
I teikneserieavdelinga i biblioteket ser vi for oss ein enkel plakat for dei genuint interesserte, med nettadresse osv. til Empirix. Eventuelt også på info-tavler. Vi har lufta ideen med redaksjonen, så kan hende kjem det noko frå dei i rimeleg framtid.
Ikea, Amazon og Google skal gå saman om eit felles «språk» for smarte hus, kan ein lese blant anna i nyteknik.se. Så skyt vel smarthusutviklinga verkeleg fart, og snart sit desse konserna med data om alt vi gjer i heimen, ikkje «berre» på mobilen og datamaskina.
Men til så lenge vil det vel finnast usmarte telt, og her har Erlend Loe levert ein akseptabel oppskrift i dei tre romanane om Andreas Doppler,
I juni mottok regjeringa NOUen med forslag om ei krisefullmaktslov. I morgon går høyringsfristen ut, men kor blei det av debatten om denne? Det kunne jo ha vore eit tema på eit bibliotek eller sju, men i alle fall burde det ha fått god dekning i pressa. Men eit søk på Retriever viser svært få artiklar med kritiske innvendingar, for det meste finn vi ei kort (123 ord), men fullstendig ukritisk NTB-melding som fleire aviser har trykt, og eitt delvis kritisk lesarinnlegg i Dagsavisa.
Men i Klassekampen har dei forsøkt. Blant anna i dagens avis, der dei har intervjua jussprofessor Terje Einarsen, leiar av IJC-Norge (Den internasjonale juristkommisjon – norsk avdeling (ICJ-Norge), som har levert eit fyldig høyringssvar.
>> Debatt i gang. Sjå kommentarfeltet lengst nede.
Hovudsaka på Klassekampen sine kultursider i dag har ein tittel som kan få både bibliotekar- og bibliotekbrukarhjarte til å slå eit ekstra slag eller sju: Betaler for hylleplass, får vi vite, og med eit foto frå ein typisk biblioteksituasjon. Vi veit jo korleis forlag kjøper seg plass hos visse bokhandelkjeder, men no også i biblioteka?!
I ingressen får vi vite litt meir, men med ei solid overdriving i starten: «Norske biblioteker fylles opp med bøker som blir avslått av Kulturrådet. Selv om avslagene svir, sier flere småforlag at det viktigste er å få bøkene spredt».
Det handlar altså om ordninga som gjer at også nulla bøker blir sende til biblioteka, men på forlaget si rekning, ikkje Kulturrådets. Denne er det spesielt «hobbyforlag» som gamblar med, skriv Klassekampen.
Heilt på slutten har dei intervjua fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt, som ikkje trur « … det er en særlig god idé å se på hylleplass som markedsføring. Hun viser til at bibliotekene kan kaste de «nullede» bøkene når som helst, mens de innkjøpte bøkene må beholdes i fem år. … Det er trangt nok fra før av, og alle bibliotekarer ønsker jo kvalitet i hyllene, legger hun til.»
Nettstaden «Midt i fleisen» har undertittelen «Søkelys på krigsindustrien og andre problemer» og er styrt av Terje Måløy, som «tilhører ingen politiske parti og får ikke betalt for dette arbeidet». Men han har teft for gode artiklar frå ute i verda, som han omset til norsk, rett nok litt «fort og gæli» nokre gongar, noko han vedgår, men han gjev oss lenker til originalane.
I førre veke fann han eit intervju med Alexander Unzicker, ein «tysk forfatter og teoretisk fysiker, med akademiske grader i både fysikk og jus, samt en doktorgrad i nevrovitenskap» og med tittelen «Disse lumske utviklingene er verre enn mang en skandale».
I motsetning til her i landet har svenske folkebibliotek fått ein bibliotekmilliard frå staten, i alle fall trekvart. Og mens norske statstilskott for det meste er prosjektstøtte, kan dei svenske gå til drift.
Men samtidig har vi det siste året sett korleis dei svenske biblioteka blir pressa sterkt frå to kantar, både økonomisk og kulturpolitisk. Til dømes skreiv vi i sommar om korleis det nyliberalistiske fleirtalet i Stockholm kuttar drastisk i kultur- og særleg i bibliotektilbodet. I tillegg er hovudbiblioteket deira snart hundre år gammalt og upraktisk, mens planar som har vore om nybygg er lagde på is. I haust har i tillegg eit liknade fleirtal i Göteborg foreslått å leggje ned seks filialar (no på morgonen kan vi lese at dette blei utsett etter møte i bystyret i går). Slike kutt handlar jo om å kome dei som klagar på det himmelhøge skattetrykket til møtes.
Så har vi dei nye «kulturideologane» i det høgrepopulistiske Sverigedemokraterna (SD), partiet med røter i nazismen, men som no har blitt landets største på meiningsmålingane. I Aftenposten torsdag 12. desember var det ei større sak frå Sölvesborg, landkommunen i Skåne der SD har makta, og som dei har gjort til laboratorium for sitt eige nye «folkhem». Det er her biblioteksjefen valde å gå frå stillinga si blant anna fordi ho ikkje fekk kjøpe inn bøker på andre språk enn svensk.
I Aftenposten peiker professor Jonas Hinnfors ved Göteborgs universitet på …
Fram til 2014 blei papirutgåva av fagbladet «Journalisten» sendt alle medlemmar av Norsk Journalistlag (NJ) to gongar i månaden. Så blei det berre digitalt. Men no skal eit magasin på papir kome i postkassa fire gongar i året. I tillegg til Journalisten.no. Redaktøren seier, ikkje overraskande, at: «Papir har en del egenskaper som det digitale ikke har, og sannsynligvis aldri kommer til å få. Ikke minst gjelder dette leseropplevelsen.»
Carina Elisabeth Beddari, litteraturkritikar i Morgenbladet, fekk fredag opne luke nummer 13 i julekalenderen til BOK365. Kalenderlukeopnarane er blitt spurde om kva som er den finaste julegåva dei har fått, men Beddari vende på flisa: « … den beste julegaven jeg har gitt var et nakenbilde jeg la i en tidsskriftshylle på biblioteket, for så å sende hyllekoden til mottakeren. Man kan egentlig selge narkotika via de minst besøkte bibliotekshyllene. Så bruk biblioteket!»
No i desember har observasjonar av slik på-kanten-bibliotekbruk auka sterkt; det starta med filming på «et av Nord universitets biblioteksområder», sjå bloggposten 2.12. Er dette ein trend? Bruk kommentarfeltet 🙂
… snakke ut hos Skavlan … CC-BY-SA-2.5-DK Wikimedia / J. Jansson
I juli retta medieprofessorane Slaatta og Rønning kritikk mot biblioteket som ein urimeleg skattepengefinansiert konkurrent til litteraturhus og anna privat fremming av litteraturen. Dette blei solid tilbakevist frå autoritativt bibliotekhald.
Men her om dagen var det det samla «arrangementsveldet» som måtte til pers. På BOK365 kunne vi lese litteraturkritikar Carina Elisabeth Beddari sitt nyttårsønske på vegner av bokbransjen, nemleg at «eventifiseringen av litteraturen blir avskaffet og alle festivaler og litteraturhus nedlagt».
I Klassekampen i dag blir ho konfrontert med dette:
Vi har aldri lagt skjul på at vi generelt synst debattfora for bibliotekfolk ofte er tamme og dominerte av praktiske og kvardagslege spørsmål. Og talet på debattantar og innlegg aukar først når nokon har meint noko om uniform for bibliotektilsette.
Denne bloggen forsøker å løfte fram ulike mindre trivielle spørsmål, for ikkje å seie strategiske og reint ut sagt eksistensielle. Så det var ein nedtur å følgje statistikken over nedlastingar i føremiddag, då ei sak om plasting eller ikkje av bøker låg på topp. Men i løpet av dagen har Mikael Böök si skarpe åtvaring om ytringsfridomen og Assange-saka gått heilt til topps, og saka om det «ikkje-essensielle» biblioteket i UK har også passert plastinga.
>> I motsetnad til i Finland (jf Mikael Böök nedanfor) starta Klassekampen 14.12. ein omfattande artikkelserie om Assange og Wikileaks (få avisa gratis i 3 veker!)
Togna er øyredøyvande i hovudstraums media om Julian Assange sin prekære situasjon og fråveret av debatt om kva det vil seie for pressefridomen om Assange blir utlevert til USA. Med-bloggar Mikael Böök hadde eit innlegg om dette 10. desember i Hufvudstadsbladet (Helsingfors) si avdeling for kulturdebatt. Teksten kjem her, saman med nokre refleksjonar over rolla til bibliotekarane i denne samanhengen:
Julian Assanges öde visar hur skör pressfriheten är
“Utan yttrandefrihet finns ingen modern värld, endast en barbarisk värld!” –Ai Weiwei
När dissidentkonstnären Ai Weiweis inflytande växte åtalade Kinas härskare honom för skattebrott och utkrävde en väldig straffskatt. Men Ai Weiweis vänner lyckades skrapa ihop tillräckligt med pengar för att få domen uppskjuten. Då började makthavarna anklaga Ai Weiwei och hans kolleger för att sprida pornografi. På bilden “En tiger och åtta bröst” hade konstnären nämligen visat upp sig utan en tråd på kroppen i sällskap med fyra likaså helnakna kvinnor.
– “Om de ser nakenhet som pornografi så befinner sig Kina fortfarande på Qing-dynastins tid”, kommenterade Ai Weiwei (enl Dagens Nyheter 19.11.2011).
I en rykande aktuell bok, redigerad av Tariq Ali och Margaret Kunstler och utgiven på förlaget OR Books, ingår ett samtal mellan konstnären Ai Weiwei och publicisten Julian Assange. Boken, som heter “In Defense of Julian Assange” (Till Julian Assanges försvar) erbjuder en …
Denne bibliotekaksjonen var før eit lokalval i Lambeth i London
Det britiske forlagshuset Penguin publiserer også nyheiter og feature-artiklar på heimesida si. Nyleg intervjua dei Labour sin statsministerkandidat Jeremy Corbyn i samband med valet 12. desember, likevel ikkje om Brexit, men om framtida til folkebiblioteka i landet.
Corbyn er ihuga bok-elskar, får vi vite, og han er klår på at biblioteket ikkje lenger skal definerast som ei «ikkje-essensiell» teneste, slik det har vore under toryane i snart ti år. Han ser på dette som eit klassespørsmål: «Dei har stengt hundrevis av bibliotek fordi dei ikkje ser eller vil sjå livlina som dei gratis biblioteka representerer for alle, uavhengig av privatøkonomi».
Labour har lova ei pakke på 1 milliard pund til eit løft innan kunst og kultur, men dei har enno ikkje spesifisert kor mykje som faktisk vil gå til å redde biblioteka. Dei konservative kutta i velferden har gått ut over mange felt. Intervjuaren listar opp fleire «sexy» felt som biblioteket må konkurrere med om Labour vinn valet: «Sjukehussenger, ventetider, pensjonsrettferd for kvinner, patruljerande politifolk, klimaendringar og jamvel søppelhenting.»
Bibliotek-kutta har fått ein viss merksemd dei siste åra, og det er sjeldan såpass mykje blir sagt om bibliotek før eit parlamentsval. Også Boris Johnson og dei konservative …