Archive for desember 8th, 2019

desember 8, 2019

Når biblioteket er «ikkje-essensielt»

defend the 10 london

Denne bibliotekaksjonen var før eit lokalval i Lambeth i London

Det britiske forlagshuset Penguin publiserer også nyheiter og feature-artiklar på heimesida si. Nyleg intervjua dei Labour sin statsministerkandidat Jeremy Corbyn i samband med valet 12. desember, likevel ikkje om Brexit, men om framtida til folkebiblioteka i landet.

Corbyn er ihuga bok-elskar, får vi vite, og han er klår på at biblioteket ikkje lenger skal definerast som ei «ikkje-essensiell» teneste, slik det har vore under toryane i snart ti år. Han ser på dette som eit klassespørsmål: «Dei har stengt hundrevis av bibliotek fordi dei ikkje ser eller vil sjå livlina som dei gratis biblioteka representerer for alle, uavhengig av privatøkonomi».

Labour har lova ei pakke på 1 milliard pund til eit løft innan kunst og kultur, men dei har enno ikkje spesifisert kor mykje som faktisk vil gå til å redde biblioteka. Dei konservative kutta i velferden har gått ut over mange felt. Intervjuaren listar opp fleire «sexy» felt som biblioteket må konkurrere med om Labour vinn valet: «Sjukehussenger, ventetider, pensjonsrettferd for kvinner, patruljerande politifolk, klimaendringar og jamvel søppelhenting.»

Bibliotek-kutta har fått ein viss merksemd dei siste åra, og det er sjeldan såpass mykje blir sagt om bibliotek før eit parlamentsval. Også Boris Johnson og dei konservative …

read more »