Archive for desember 16th, 2019

desember 16, 2019

Papirtidsskrift «ikke en ny idé»

Fram til 2014 blei papirutgåva av fagbladet «Journalisten» sendt alle medlemmar av Norsk Journalistlag (NJ) to gongar i månaden. Så blei det berre digitalt. Men no skal eit magasin på papir kome i postkassa fire gongar i året. I tillegg til Journalisten.no. Redaktøren seier, ikkje overraskande, at: «Papir har en del egenskaper som det digitale ikke har, og sannsynligvis aldri kommer til å få. Ikke minst gjelder dette leseropplevelsen.»

desember 16, 2019

Kreativ bibliotekbruk

Carina Elisabeth Beddari, litteraturkritikar i Morgenbladet, fekk fredag opne luke nummer 13 i julekalenderen til BOK365. Kalenderlukeopnarane er blitt spurde om kva som er den finaste julegåva dei har fått, men Beddari vende på flisa: « … den beste julegaven jeg har gitt var et nakenbilde jeg la i en tidsskriftshylle på biblioteket, for så å sende hyllekoden til mottakeren. Man kan egentlig selge narkotika via de minst besøkte bibliotekshyllene. Så bruk biblioteket!»

No i desember har observasjonar av slik på-kanten-bibliotekbruk auka sterkt; det starta med filming på «et av Nord universitets biblioteksområder», sjå bloggposten 2.12. Er dette ein trend? Bruk kommentarfeltet 🙂

 

desember 16, 2019

Bokbad-boomens bakside?

 

Skjermbilde 2019-12-16 17.50.01

… snakke ut hos Skavlan …                    CC-BY-SA-2.5-DK
Wikimedia / J. Jansson

I juli retta medieprofessorane Slaatta og Rønning kritikk mot biblioteket som ein urimeleg skattepengefinansiert konkurrent til litteraturhus og anna privat fremming av litteraturen. Dette blei solid  tilbakevist frå autoritativt bibliotekhald.

Men her om dagen var det det samla «arrangementsveldet» som måtte til pers. På BOK365 kunne vi lese litteraturkritikar Carina Elisabeth Beddari sitt nyttårsønske på vegner av bokbransjen, nemleg at «eventifiseringen av litteraturen blir avskaffet og alle festivaler og litteraturhus nedlagt».

Klassekampen i dag blir ho konfrontert med dette:

read more »