Archive for desember 20th, 2019

desember 20, 2019

Biblioteket og rusdebatten

I går leverte Rusreformutvalet NOU-en sin til helseminister Bent Høie. Alt ser vi sterke meiningar om dette i pressa. Men vil det bli gode lokale debattar i denne saka som skal gjennomførast i kommunane på halvtanna år? Og rus er ei utfordring i kvar einaste kommune i landet. Og i kvar kommune, i alle fall i kvar region, finst det brukarar, pårørande og fagfolk som har kunnskap, røynsler og meiningar. Og kvar kommune har eit bibliotek. Som i 2014 fekk pålegg om å vere ein «arena for offentlig samtale og debatt.»

Apropos den nemnde ruskompetansen som finst over alt: Er det sikkert at dei les Norsk sosialogisk tidsskrift? Dét kan biblioteket gjere noko med. I dag publiserte tidsskriftet, på portalen Idunn.no nummer 6, 2019, der temaet er rus. I ulike sammenhenger. Og alt er gratis. Noko å tipse dei aktuelle etatane og kontora om.

desember 20, 2019

HQ digital julegåve til Bibliotek-Noreg

Bokselskap.no og Nasjonalbiblioteket lanserer i dag i Open Access det viktige manuset som tidlegare riksbibliotekar Gerhard Munthe (1919 – 1997) jobba med på slutten av livet: «Historisk oversyn over norsk bibliotekhistorie.»  Johan Henden ved NB har skrive eit godt forord.

Dette er noko meir enn dei digitaliserte bøkene på Bokhylla.no, for her kan du laste ned «hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.»

Ein smakebit om finansiering av bibliotek i 1827 i kapittel 15, «Almueboksamlinger og sognebiblioteker i bygdene»:

«I Rana fortalte sognepresten Iver Ancher Heltzen (1785–1848) at han der hadde hatt et godt håp om å få bygget opp et sognebibliotek i 1827. Da var nemlig et skipsmannskap blitt ilagt en bot på 18 Spd., og dette beløp hadde man nå bestemt skulle bli brukt til innkjøp av de første bøker til et planlagt sognebibliotek.»

desember 20, 2019

God jul med teikneseriar

Skjermbilde 2019-12-19 11.41.13

Klikk og kikk

Har du sakna ein seriøs guide til julehefta? Som etter kvart er blitt så dyre at biblioteka bør vurdere å ha dei av reinspikka sosiale grunnar. I alle fall eit utval.

I bunken vår av leseeksemplar av tidsskrift etter at vi på bloggen starta serien Hugs tidsskrifta, ligg det også nokre heil-elektroniske, og eitt av dei er Empirix, som du kan få gratis via nyheitsbrev på e-post ein gong i månaden. Dei legg ut to nye artiklar kvar veke, som dei meir utolmodige kan lese på nettsida deira.

Og som dei alt innvigde veit, har dei ein artikkelserie med namnet «På biblioteket».

Emprix seier om seg sjølv at dei «har som mål å løfte journalistikken og kritikken om tegneserier i Norge. … Vi mener alle medier må forstås på sine egne premisser, men den offentlige samtalen om tegneserier er bare unntaksvis på samme nivå som den tilsvarende meningsutvekslingen om film, musikk, scenekunst eller litteratur. Empirix er støttet av Grafill, Fritt ord og Norsk kulturråd, men er redaksjonelt uavhengige».

I teikneserieavdelinga i biblioteket ser vi for oss ein enkel plakat for dei genuint interesserte, med nettadresse osv. til Empirix. Eventuelt også på info-tavler. Vi har lufta ideen med redaksjonen, så kan hende kjem det noko frå dei i rimeleg framtid.