Archive for desember 31st, 2019

desember 31, 2019

Norden får endeleg glede av Nasjonalbiblioteket

Skjermbilde 2019-12-31 16.40.47Som kjent har berre norske datamaskinar tilgang til det digitaliserte norske materialet i Bokhylla.no, ei uforståeleg haldning frå avtalepartnar Kopinor, som altså må meine at tilgang for dei rundt 15 millionar andre som kan lese nordiske språk vil undergrave salet av norske bøker som (per dato) er atten år gamle og eldre!

Men det finst tenester som er frie. Det norske Nasjonalbiblioteket er eit formidabelt «debattbibliotek» for folk i hovudstaden, og no strøymar dei mange av arrangementa sine og legg dei fritt ut både på video og podcast. Til dømes Terje Tvedt sine seks foredrag nyleg «mot samtidens historieløshet». I tillegg til kor viktig dette temaet er i tida vi lever i (det sjette og siste foredraget heiter «Er verden på vei mot stupet?»), er det modig gjort av arrangøren. For om Tvedt kanskje er ein av dei mest profilerte og populariserande samfunnsforskarane i landet, er han ikkje lite kontroversiell.

PS 1: På Steigan.no er det tilløp også til sakleg debatt etter at foredraga blei pusha der. Men NB burde også hatt kommentarfelt. Ein så stor organisasjon har råd til moderering av viktige debattar.

PS 2: Her på bloggen har bibliotekvenen Terje Tvedt fått meir enn heiderleg omtale etter eit fordrag på bibliotekleiarkonferansen i Drammen i 2007.