Archive for januar 3rd, 2020

januar 3, 2020

Politisk alvor på biblioteket

Skjermbilde 2019-12-27 20.42.56

Streikehistorisk i Klassekampen 21. desember 

No er det stille på bibliotekfronten, men vi fekk auge på eit par trådar som viser seg å løpe saman på eit vis. Det handlar om uredde bibliotekfolk. Og nokre i heilt motsett ende av skalaen.

Først går vi femtieitt år attende i tida: I desember 1968 arrangerte biblioteksjef Adolf Henriksson i gruvebyen Malmberget i Nord-Sverige ei utstilling av Odd Uhrbom sine fotografi i reportasjeboka “Gruva”, med tekst av Sara Lidman, om dei umenneskelege arbeidstilhøva ved gruvekonsernet LKAB der nord i landet. Lidman var på opninga og las frå boka. Der og då fekk biblioteksjefen stukke til seg eit ark med nokre hemmelege rasjonaliseringplanar for gruvene. Han hengte desse etter kvart ikoniske “31 tesane” opp på utstillinga. Dagen etter var dette i Stockholmsavisene. Noko som var med å leggje grunnen for den største gruvestreiken nokon gong i Norden.

Henriksson er ein av denne bloggen sine Barske Bibliotekarar. Og her kjem den femtande barske bibliotekaren:

Vi er ved årsskiftet 2019-20 og finn blant anna i Aftenposten at leiarar for det kinesiske skilandslaget har bedt om at biblioteket i Meråker fjernar «kinesisk litteratur biblioteket har. Blant bøkene de ønsket fjernet er en bok om Falun Gong-bevegelsen.» Denne filosofien og meditasjonsteknikken har vore forbode sidan 1999 i Kina. Kinesarane er i Meråker der dei blir trena av norske ekspertar, som ledd i den store oppmjukinga av tilhøvet til Noreg etter at Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris. Vi hugsar jo pingpongdiplomatiet på 1970-talet

Biblioteksjef Anne Marken fekk vite «at hvis noen av de kinesiske skiløperne blir tatt med disse bøkene, er de redd for at de risikerer arbeidsleir eller fengsel i Kina.» Likevel avviser biblioteksjefen dette presset og viser til ytringsfridomen og biblioteklova.

leiarplass i VG får ho godt skussmål, til skilnad frå Erna Solberg:

read more »

Translate »