Den ubundne eksil-tyrkiske nettstaden Ahvar melder at trass i at høgsterett i landet med seks mot fire stemmer 26. desember vedtok at stenginga av Wikipedia sidan 2017 har vore i strid med ytringsfridomen, noko blant anna NRK siterte ei NTB-melding på, så er nettstaden framleis ikkje tilgjengeleg.
Folkebibliotek har få gode grunnar til å etterlikne bokbransjens besteseljarlister, slik som til dømes Deichman til gangs gjer her (no skal det seiast at Deichman gjer mykje anna veldig bra med litteraturformidling).
Å auke og dermed skape endå meir fokus på utlånsstatistikk er ein typisk dårleg grunn. For det finst måtar å pense folk over på både nytt og gammalt som er viktig lesing. Éin metode er «Kikkhullet», som blant anna Bergen Offentlege har på sentral plass, der ein til dømes kan velje «tilfeldige, ledige faglitterære titler for voksne».
Aktuelt no er at Fredrikstad bibliotek har lansert ein lesekampanje og bokutstilling som oppfordrer til lesing av bøker frå eitt tiår per månad, rekna frå og med 2010-talet og attende gjennom heile 1900-talet;