Archive for januar 9th, 2020

januar 9, 2020

BI-rapporten: MYKJE interessant også om bibliotekbruk og «Bokhylla.no»

>> Oppfølging 10.1.: Bokbransjen vil ha ny lesepolitikk, men kva med biblioteka?

I Klassekampen i dag er hovudsaka på kultursidene at “Forlagene hevder nordmenn leser 13,6 bøker i året. En ny undersøkelse kommer fram til tallet 8,5.” Og forsidehenvisninga har vi som ingressbilete her, med tittelen “Knuser bokorm-myten!”

Det handlar omBokforbruk, bibliotek og lesing i digitale tider“, rapport nummer 4 frå BI sitt forskingsprogram “Digitisation and Diversity” (som vi har skrive om i tre tidlegare bloggpostar.)

Den dramatiske skilnaden i boklesing per nordmann kjem av at forlaga sine undersøkingar ikkje tar omsyn til utdanningsnivå. Dette meiner Anne-Britt Gran, leiar av programmet. Ho seier til avisa: “Begge undersøkelsene er vektet på kjønn, alder og geografi. Vi har i tillegg vektet på utdannelse, siden kulturforbruk i så stor grad korrelerer med lengden på folks utdannelse.”

Men verken Klassekampen eller dei som (i løpet av torsdagen) har sitert avisa eller publisert NBT-meldinga som byggjer på henne, nemner noko som helst av det svært interessante i rapporten om både bruken av “Bokhylla.no” og generell bibliotekbruk. Blant anna om lån i ulike former og på ulikt leseutstyr (framleis klår førsteplass til papirboka) og om ventetider på dei ulike boktypene (få klagar på nokon av dei).

Interessant er det også kva bibliotekbrukarane trur om bibliotekframtida:

read more »

Translate »