Archive for januar 11th, 2020

januar 11, 2020

E-bok- og lydbokløysing gjennom ny statleg lesepolitikk?

 

Skjermbilde 2020-01-13 06.56.09

Betre vilkår for lesing? Bruce Naigles’ «Kristian leser», avduka av Anne Cath. Vestly ved Moss bibliotek i 2005

Vi blogga i går om eit oppslag i Klassekampen 10. januar (ikkje på ope nett) om eit notat frå desember frå bokbransjen til statsrådane for kultur, høyere utdanning og kunnskap med krav om ein ny lesepolitikk.

Det siste av dei fem punkta i notatet er behovet for «Et bedre grunnlag for politikkutforming». Dette må bety meir forsking, og Klassekampen intervjua her Steffen Sørum, leiar av Barnebokinstituttets forfatterutdanning:

«– Men hva skal forskes på? At papirboka dør, og om man skal bruke millioner av kroner på å forhindre det? Eller skal man akseptere at lesing går over til andre plattformer og undersøke hvordan litteraturen kan henge med?»

 

Svaret på Sørum sitt dilemma kan sjølvsagt ikkje vere eit anten eller. Dette betyr at heile Litteratur-Noreg, medrekna Norsk Bibliotekforening, som det i går ettermiddag gjekk fram at også sto bak notatet, no vil jobbe saman for ein lesepolitikk med gode løysingar også for bibliotekutlån av e-bøker og elektroniske lydbøker. Noko blant anna lesarane av denne bloggen veit at ikkje er på plass, for å seie det mildt.

Dei fem punkta i notatet er:

  • Handlingsplan for lesing.
  • Statusheving av norsk.
  • Videreføring og styrking av eksisterende lesetiltak.
  • Styrking av skolebibliotekene.
  • Et bedre grunnlag for politikkutforming.

PS: Etter at det viste seg at NBF er med på notatet, noko Klassekampen ikkje gav inntrykk av, har vi no sletta bloggposten av i går, der vi etterlyste akkurat dette med inkludering av biblioteksektoren.

januar 11, 2020

Årets viktige bibliotek og bibliotektype

Andre har skrive det meste som er å seie om vinnaren av NBF-prisen «Årets bibliotek», nemleg Trøndelag fylkesbibliotek, så her er det berre å gratulere!

Men leggje til at vi trur at prisen til eit fylkesbibliotek no var i rett tid. Som vi alle veit, er mange av fylka ikkje som dei var, noko som også gjeld enkelte av institusjonane som har utgangspunkt i den tradisjonsrike fylkesbibliotek-ideen. Dei fylkeskommunale bibliotekoppgavene har eit tydeleg kapittel også i den nye bibliotekstrategien, men slik verda ser ut i 2020 veit ein aldri kva som kan skje med verken forvaltingsnivå eller styrings-trendar.

Og sjølv om vi har fått fleire storkommunar med styrking av fagkompetanse, er skilnaden mellom store og små bibliotek blitt større. Sjå berre på boka til prisutdelar Jo Straube.