Bloggaren har på ny gjort eit intervju for tidsskriftet Bibliotekaren, med bibliotekprofessor Joacim Hansson ved Linnéuniversitetet i Växjö. Det kan lesast i nummer 4, 2019 på papir og på pdf. Og i ein litt lengre versjon her:
Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar
I Sverige har ytre høgre starta ein målretta kamp mot bibliotekpolitikken. Utviklinga krev meir sjølvmedvitne bibliotekarar, meiner den profilerte bibliotek- og informasjonsvitskapsprofessoren Joacim Hansson.
Tekst og foto: Anders Ericson, frilansjournalist og bibliotekbloggar
Om du høyrer til den litt aparte rasen som tingar siteringar i Google Scholar, kjem svenske Joacim Hansson på sitat-toppen blant bibliotekforskarane, med nær nitti hittil i år. Så har han då vore svært produktiv i sine tjue år som bibliotek-doktor, med 12-13 bøker og rapportar på tre språk i Libris, den svenske nasjonalbibliografien. Pluss ei mengd artiklar. Og mykje handlar om bibliotekarrolla, -identiteten og -etikken.
Bibliotekaren drog til Linnéuniversitetet i Växjö for å høyre meir om dette temaet, som litt uforskyldt har kome i aktuelt fokus i Sverige, også fordi ytre høgre har starta ein målretta kamp mot kultur- og bibliotekpolitikken.