Archive for januar 17th, 2020

januar 17, 2020

«- Kultur-Norge forandres dramatisk»

Overskrifta er frå Aftenposten i går. Og vidare heiter det:

«Regjeringen ser for seg at pengekrevende, offentlige institusjoner, som Hålogaland Teater, Rogaland Teater, Trøndelag Teater og Bergen Kunsthall, heretter skal konkurrere om midlene sammen med alt annet som trenger penger for at et fylkessamfunn skal kunne fungere. Skoleskyss. Antall linjevalg på videregående. Tannlegetjenester. Veiprosjekt. Men også kunstnerkollektiv, lokale musikkfestivaler og frie teatergrupper».

Dei fylkeskommunale bibliotekoppgåvene kjem i same sekken. Her om dagen gratulerte vi Trøndelag fylkesbibliotek med Årets bibliotek-prisen og håpa at denne merksemda rundt fylkesbiblioteka kunne demme opp mot ulike «teikn i tida». Her er eitt av teikna.

januar 17, 2020

Debattbibliotek på fjorden

Bjørn Nilsenforfattar og tidlegare NRK-journalist og formann i Den norske Forfatterforening, fylte 85 i romjula. Han er ein av mange forfattarar som har vore med på bokbåten Epos gjennom tidene. Og ved eit høve i 1971 føregreip han det for tida aktuelle «debattbiblioteket» då han under ein stopp ved ei brygge langs Sognefjorden improviserte eit debattmøte ombord. Temaet var ein kontroversiell lokal plan om ein ny vegtunnell som han høyrde at nokre av lånarane snakka om.

Episoden er av det slaget som har fått plass på «Veggen». Vi gratulerer.

januar 17, 2020

«- Etterspørsel etter bibliotek, trening og helsetjenester»

Hjørring 2018

Kjøpesenter, med bibliotek oppe til høgre. Hjørring, DK

Vi har fått høyre at vi har ubalanse i kjeldene våre; ei viss avis på venstresida, og med stalinistisk fortid, er blitt ein gjengangar her på bloggen. Då svarer vi gjerne at avisa er ei av dei klart beste kulturavisene (som dessverre ikkje seier så mykje lenger), og med ein del bibliotekrelevant stoff. Rett nok ikkje utan feil, ho heller. Men for å verkeleg forsøke å kompensere deler vi i dag ei sak frå «Retailmagasinet» – eit «uavhengig fagtidsskrift for drift og ledelse av kjeder og kjøpesenter».

Her kan vi lese om stoda i 2019 for Citycons kjøpesentre. Dei har hatt «såvidt vekst», men  leiinga er opptatt av «noen trender som kommer til å være avgjørende for å lykkes fremover. – Vi ser at folk vil ha mer mat og drikke og flere serveringstilbud på sentrene. Samtidig opplever vi økende etterspørsel etter bibliotek, trening og helsetjenester» (vår utheving).

Men bibliotek i kjøpesenter har vi skrive om før, og då med ein viss skespsis.

Når det gjeld den nemnde kulturavisa, så har dei i dag ei sak om Biblioteksentralen sin nye e-bok-app Bookbites, der dei tar i bruk «kreative metadata», som blant anna betyr at dei spør brukarane om kjønn: «Velg kjønn – og la oss gi deg anbefalinger». Men som dei likevel ikkje bruker. Meir vil vi ikkje seie, for balansens skuld. Men avisa skal finnast i mange bibliotek.

Translate »