Bloggaren fekk ikkje med seg verken ALMPUB-sluttkonferansen eller referanse-evenementet i Tønsberg, og dermed ikkje amerikanaren R. David Lankes, eitt av dei hottaste namna i bibliotekverda dei siste åra. Men det finst jo strøyming, når vi får tid.
Men vi leser no ein fyldig European Trip Report på Lankes’ blogg og forstår at han var godt nøgd med alt han såg og høyrde her i landet, så vel som på kontinentet. Og vi nytter høvet til å gratulere Ragnar Audunson (og gjengen) med vel blåst prosjekt, og, etter det vi forstår, oppnådd pensjonering. Og med denne karakteristikken frå Lankes: « … the great Professor Ragnar Audunson of OSLOMet»!
Gamle aviser må vel trykkast opp igjen no? Her ei viss 50-årsjubileumsutgåve
For eitt år og fire dagar sidan skreiv vi om krisa for Atekst når nokre aviser trekker seg og stadig fleire aviser innfører embargo på artiklane sine på ei veke eller meir. No har dette stått på eit år, og ved inngangen til 2020 har Retriever/Atekst valt ein ny betalingsmodell som for dei fleste vil bety ein sterk prisauke. Så mykje dyrare blir det, meiner i dag NBF-nestleiar og bibliotekdirektør på OsloMet Lars Egeland på Khrono.no, at fleire bibliotek må seie opp avtalane.
>> 31. januar: Retriever støttar delvis Egeland, men skuldar på avisene.
OsloMet forlenger avtalen med same sum som i fjor, men alt utpå våren vil pengane ta slutt, då den nye betalingsmodellen går på forbruk, artikkel for artikkel. Det blir ein prisauke på 170% om dei skulle halde fram med like mykje bruk som i fjor. Det same valet har UiO, UiB, UiT og NTNU gjort.
Kritikken til Egeland er skarp; han skriv blant anna at «avisarkivet er en monopolist som nå presser prisene oppover samtidig som folks mulighet til å kunne søke i gamle avisartikler i høyeste grad er av stor demokratisk betydning». Men han foreslår også konkrete løysingar baserte på røynslene med Lovdata i året som gjekk:
Då Lasse Christensen pensjonerte seg etter ei årrekke frå Bærum bibliotek avslutta han med at han var «glad for at nettguiden kanskje kan bli videreført i en eller annen form, ett eller annet sted. Hva som skjer, vil tiden vise». Men no er den søkk vekk. Dei mange biblioteka som lenker til Bærums guide må no fjerne lenkene.
Dette var ei raus deling av ressursar i mange år, og Bærum bibliotek skal først og fremst ha takk og ros så lenge det varte. Det einaste rimelege ville vere at Nasjonalbiblioteket vidareførte tenesta.
Veit nokon noko meir? Det var nyleg ein konferanse om referansearbeid og kunnskapsformidling i Tønsberg. Var saka oppe der?
Sveriges første bibliotekar? Eller boktrykkar? Frå Medeltidsmuseet i Stockholm
Til skilnad frå her i landet, kor det aller aller meste av bibliotekdigitaliseringa finn stad ved Nasjonalbiblioteket i Rana, har no det svenske nasjonalbiblioteket, Kungliga biblioteket (KB) i Stockholm, erklært at “Hela den svenska tryckproduktionen från 1400-talet fram till i dag ska göras digitalt tillgänglig”, men det skal skje ved seks bibliotek rundt i landet, nemleg ved universiteta i Göteborg, Lund, Stockholm, Umeå og Uppsala, i tillegg til KB.
Nytt 29.1.: Sjå svar i kommentarfeltet frå bl.a. den svenske riksbibliotekaren.
Materiale som har falle i det fri skal ha høgst prioritet, men det heiter at “samtliga böcker, tidningar, tidskrifter, läromedel och rapporter som getts ut i Sverige ska finnas digitalt tillgängliga”.
Når det gjeld vilkåra for brukarane finn vi i den komplette erklæringa at “Så mycket material som möjligt ska tillgängliggöras enkelt och helt fritt eller till lägsta möjliga kostnad”.
Mykje er uklart her, og det er altså to uttrykkelege atterhald, mot eitt i Noreg (at det nyaste (f.o.m. 2001) ikkje er med i den opne tenesta). Men meir alvorleg i Sverige er det at gratisprinsippet kan vere i fare.
Det siste var faktisk lenge uavklart også i Noreg då bokhylla.no var under utvikling. Vi presenterte nyleg den slett ikkje udramatiske og fleire månader lange prosessen i 2006 …