Archive for januar 31st, 2020

januar 31, 2020

På barometertoppen

Her på bloggen har vi fleire gonger åtvara mot å juble for høgt for biblioteka sine årvisse topplasseringar på innbyggarunder- søkingane til Difi. For gratis tenester som heller ikkje krev noko av deg, er det umuleg å ikkje skåre høgt på slike målingar. Men i NOKUT sine Studiebarometer, som måler «opplevd studiekvalitet på studieprogrammer som tilbys av norske høyere utdanningsinstitusjoner», blir det litt annleis. Her konkurrerer UH-biblioteka med meir likeverdige tilbod og tenester.

Rapporten for 2019 er alt klar (!). I oppsummeringa om reaksjonane når det gjeld læringsmiljø heiter det:

read more »

januar 31, 2020

Innkjøpsordningar utan orden

«Innkjøpsordningen er vanskelig å forutsi». Ifølge forlagssjef Myriam H. Bjerkli på BOK365 onsdag. Samtidig som ho foreslår å gjere vurderinga av påmeldte bøker anonym. Dei skriv mykje om nulling for tida, både der og i Klassekampen blant anna.

Men til ei anna side ved innkjøpsordninga: Eg høyrde her om dagen at særleg sakprosabøkene tar så j… lang tid fram til biblioteka. Rekorden hos dei eg snakka med er ni – 9 – månader. Nokon høgare? 🙁 Bruk kommentarfeltet.

Kunnskapsbiblioteket blir jo ein vits mange stader, der dei ikkje har råd til å kjøpe inn mens dei venter. Og dei som kjøper inn sit brått med for mange eksemplar. Dette har sikkert nokon prøvd å gjere noko med, men …

No ser vi tydeleg innkjøpsordningane sine sovepute-eigenskapar. Dei lokale mediebudsjetta er gradvis over mange år justert ned som resultat av innkjøpsordningane. Dette må vi rekne på og diskutere meir.

januar 31, 2020

Even in English

man driving vehicle near tree

Photo by Deeana Garcia on Pexels.com

A lot of international traffic on this blog these days. Seems like Google Translate and other apps make Norwegian (in fact New Norwegian – nynorsk, i.e. actual Norwegian, apart from Danish-Norwegian) readable to almost everyone? But we even have some stuff in English.

Translate »