Det er framleis fredag, og vi deler denne ingressen frå ei bokmelding i svenske Dagens Nyheter:
«Den mest utlånade boken på amerikanska bibliotek är en bilderboksklassiker från 1962: Ezra Jack Keats ”Den första snön”. När den kom var den ovanlig genom att ha en mörkhyad huvudperson, men i dag är det snarare snön som är överraskande».
Praktisk talt alle svenske aviser har betalingsmurar i dag, så det var alt vi fekk lurt til oss. Go hælj!
I Dag og Tid denne veka er ei overskrift: «Konkurrerer mot Egner», og i ingressen heiter det: «Barnebøkene til Arne Svingen er blant dei mest utlånte bøkene på norske bibliotek, men bestseljarar er dei ikkje».
Det er ikkje noko nytt for ein bibliotekar: Foreldre og besteforeldre kjøper bøker til barn og barnebarn, men held seg til forfattarane og sjangrane dei sjølve vaks opp med.
Hovudoppslaget på kultursidene i Klassekampen i dag (men likevel ikkje i den opne utgåva) handlar om at «Coop selger nazi-memoarer». Avisa har i mengdene av krigslitteratur funne boka «Tiger på slagmarken» som skal vere «memoarene til Otto Carius, som kjempet på Østfronten for Nazi-Tyskland under andre verdenskrig, og som ifølge forlagets omtale «har gått inn i historien som den tyske panservognkommandanten som skjøt i stykker flest fiendtlige stridsvogner».
>> 7.2. Kl 15.50. Kommentarfeltet har fått eit innlegg, men ikkje frå bibliotekhald
Men ikkje berre Coop spreier desse bøkene. Fleire norske bibliotek har dei også, og då må dei vel vere bra nok?: