Det finst framleis ein del litteraturbloggar i bibliotekregi, men ikkje mange som nærmar seg det bibliotekpolitiske. Men Migrasjonsbibliotek-bloggen kan vere noko å prøve. Han handlar om «integrering, mangfold, migrasjon, rasisme, litteratur, flerkultur, sosial kontroll, forskning, Skandinavia, migrasjonsforskning, tilhørighet … ».
Personvernet på biblioteka? (reprise på reprisen)
Nettstaden e24.no skriv om «flere omfattende sikkerhetsbrudd i datasystem i skolene den siste tiden.» Og vidare: «Datatilsynet bekymret. – Kommunene og fylkeskommunene er ikke rustet til å håndtere dette, sier direktør Bjørn Erik Thon.»
Det er altså personvern det handlar om. Vi har fleire gongar påpeika kor usikkert dette kan vere også i bibliotek, men med håp om at nokon kunne fortelje at no er dette «på plass» i datasystem A, B og C. Men utan ein lyd.
Kva no, folkens? Er kommunar og fylkeskommunar betre rusta på bibliotekfeltet?
Bra Bokhylla-bruk
På bloggen sin har no Eirik Newth ein gjennomgang av boka si “Fremtiden” frå 1999. Han diskuterer med seg sjølv om kva han hadde rett i og kor han tok feil i spådomane om framtida, les: No. Og han lar oss dobbeltsjekke ved å gje lenke til boka på bokhylla.no.
Her må biblioteket ikkje bli utegløymt
Barne- og familiedepartementet «arbeider med en ny strategi for barn i lavinntektsfamilier, og vi vil gjerne ha dine innspill om utfordringer og løsninger på området».
Vi veit ikkje om bibliotek var tema på innspelsmøtet?