Archive for februar 15th, 2020

februar 15, 2020

E-bøker i Europa, med meir

EBLIDA, den europeiske bibliotek- organisasjonen, er ein slik ein som kan vere god å ha når noko står på spel, som for to år sidan i kampen om opphavsretts- direktivet og generelt når det gjeld opphavsrett dei par siste tiåra. Ikkje at biblioteksektoren har fått noko stort gjennomslag internasjonalt, men markering og publisering av bibliotekas ofte avvikande standpunkt frå bok- og mediabransjane og rapportering og kunnskapsdeling til fagmiljøa er viktig nok.

No ser det ut til å vere noko på gang igjen. I nyheitsbrevet deira kan vi lese om blant anna tre spørjeundersøkingar dei no set igang (men berre i EU-landa?), om …


Noko heilt nytt, for meg i alle fall, er The EBLIDA Matrix, som handlar om berekraftige samfunn. Klikking rundt her avslører at mykje er uferdig, og det er enno ikkje lett å sjå korleis dei vil at biblioteka skal omsetje desse svært allmenne punkta og ønsketenkingane, vil mange seie, i konkrete tiltak og tenester til brukarane.

EBLIDA har fire medlemmar her i landet; NBF, NB og dei to universitetsbiblioteka i Oslo, mens i til dømes Danmark er åtte folkebibliotek medlem.