Archive for februar 23rd, 2020

februar 23, 2020

Fritt for fridom?

For Khrono.no i dag er det «Uklart kvifor ytringsfridom i akademia ikkje er tema for ny kommisjon». Professor Kristian Gundersen ved Universitetet i Oslo blir intervjua og følgjer opp kritikken av mandatet til Ytringsfridomskommisjonen med blant anna dette:

— Det er veldig pussig å diskutere ytringsfridom utan å ta inn forskarane si rolle. Det blir som å bygge eit hus med tre og ikkje fire veggar. Eg forstår det ikkje, … Han meiner forskarar har ei veldig sentral rolle i den opplyste offentlege samtalen, og meiner det difor er svært rart at akkurat desse sektorane er tekne ut av mandatet. — Det er som om opplysningsdelen av den offentlege samtalen ikkje skal sjåast på».

februar 23, 2020

Skei Grandes «ISBN-flause» for tredje gong

Her på bloggen har Trine Skei Grande fått gjennomgå for mykje, og det meste har vore vel fortent, men her og no skal ho berre få ein streng peikefinger om å hugse å be om sitatsjekk og gjennomlesing av alle intervju.

Den tidlegare kultur- og no kunnskaps- og integreringsministeren må ha gløymt å be om dette då både Vårt Land og Dagbladet i kvart sitt intervju for to år sidan gav inntrykk av at ho ordnar boksamlinga si etter ISBN-nummer, «for å ha oversikt». Bibliotekarar og andre bokfolk ser då føre seg bøkene oppstilte etter desse ganske uinteressante nummera, i praksis blir det etter nasjonalitet og forlag. Og gjenfinning etter ISBN-nummer er for folk med Magnus-Carlsen-minne.

Men først i dag, i eit større heime-hos-intervju på Nrk.no, får vi forklaringa på samanhengen mellom ISBN og å halde oversikt over samlinga:

read more »
Translate »