Archive for februar, 2020

februar 19, 2020

Biblioteket og tida vi har på lån

Skjermbilde 2020-02-18 kl. 23.27.13.pngI biblioteket i Mill Valley, California, har dei starta eit omfattande program med foredrag, debattar, boktips, podcastar, blogg osv. osv. med fokus på klimakrisa: Borrowed Time.

Men også dette stiller vi på denne bloggen nokre kritiske spørsmål ved.

Det er ingen tvil om at folkebibliotek i dag ønsker å ta på seg større samfunnsansvar enn å «stille bøker og andre medier gratis til disposisjon», slik det har heitt i biblioteklova i nokre generasjonar. At det skal skje gjennom «aktiv formidling» har kome til, og for seks år sidan dette med møteplass og samtale og debatt.

I fleire år har til dømes det USA-baserte …

read more »

februar 15, 2020

E-bøker i Europa, med meir

EBLIDA, den europeiske bibliotek- organisasjonen, er ein slik ein som kan vere god å ha når noko står på spel, som for to år sidan i kampen om opphavsretts- direktivet og generelt når det gjeld opphavsrett dei par siste tiåra. Ikkje at biblioteksektoren har fått noko stort gjennomslag internasjonalt, men markering og publisering av bibliotekas ofte avvikande standpunkt frå bok- og mediabransjane og rapportering og kunnskapsdeling til fagmiljøa er viktig nok.

No ser det ut til å vere noko på gang igjen. I nyheitsbrevet deira kan vi lese om blant anna tre spørjeundersøkingar dei no set igang (men berre i EU-landa?), om …


Noko heilt nytt, for meg i alle fall, er The EBLIDA Matrix, som handlar om berekraftige samfunn. Klikking rundt her avslører at mykje er uferdig, og det er enno ikkje lett å sjå korleis dei vil at biblioteka skal omsetje desse svært allmenne punkta og ønsketenkingane, vil mange seie, i konkrete tiltak og tenester til brukarane.

EBLIDA har fire medlemmar her i landet; NBF, NB og dei to universitetsbiblioteka i Oslo, mens i til dømes Danmark er åtte folkebibliotek medlem.

februar 14, 2020

Dette med Valentindagen …

Hugser ikkje kor eg tok dette, men her hang kjærleiken laust

februar 14, 2020

DYNAMISK avtale om digitaliserte aviser

Blant anna Aftenposten skriv i dag om avtalen mellom mediekonsernet Amedia og Nasjonalbiblioteket «som gir publikum åpen tilgang til avisarkivene til 73 lokalaviser». Medrekna ein del regionaviser. Avisene eldre enn 15 år vil vi kunne søkje i og lese på eige utstyr, mens det nyare får du på biblioteket sine maskiner. Så det avisene er best på, nyheiter, får du ikkje her, men alle som er historisk interesserte får eit kunnskapsløft.

Det kanskje mest spanande …

februar 14, 2020

At læse er ikke noget man “… bare lige gør”

Illustration af H.C. Andersens eventyr “Ib og lille Christine” (1855) udført af tegneren Vilhelm Pedersen

Ifølgje bloggen til Michel Steen-Hansen no på morran handlar det om ein blodfersk dansk analyse av Fremtidens biblioteksbetjening af børn! Med utropsteikn, faktisk. MS-H skriv blant anna:

«… tiden hvor man kan lave ét samlet børneunivers er nok ikke mulig, men vi skal hele tiden arbejde med at skabe adgang til kvalitets-ressourcer til børn, og ikke bare overlade det til kommercielle kræfter».

  • 12 INDSIGTER FRA ANALYSEN
    1. Læsning er en pligt –særligt for de ældre børn (10+ år).
    2. Børnene gider godt at læse, når det, de læser, er interessant for dem.
    3. At læse er ikke noget man “… bare lige gør”.
    4. Det er en udfordring at finde ud af, hvad børnene godt kan lide at læse.
    5. Børn vil hellere høre fra andre børn fremfor voksne.
    6. Bibliotekerne har ikke altid de materialer, børnene efterspørger.
    7. Forældrene kan påvirke børnenes læsning både negativt og positivt.
    8. Børnene foretrækker den fysiske bog, når de skal læse.
    9. Bibliotekernes digitale tilbud er ikke på børnenes radar.
    10. Det fysiske bibliotek appelererikke til børn over 7 år.
    11. Der mangler en retning og plan for, hvad bibliotekerne vil på det digitale børneområde.
    12. Børnebibliotekarerne har viljen og gejsten til innovation, men ikke mulighederne.
    februar 13, 2020

    Folkebiblioteket = «annleislandet»? Tankar om NPM

    «Folkebiblioteket blir noko av ein anomali. Dei blir avvikarar, for dei fungerer ikkje etter dei marknadsmessige lovene». Dette sa Joacim Hansson då eg intervjua han for tidsskriftet Bibliotekaren i november. Men kor mykje avvikarar er dei?

    I intervjuet med Hansson er dette eit utsnitt av ein meir nyansert heilskap. Men det er for det meste éin ting i dag som gjer at folkebiblioteket skil seg ut, nemleg gratisprinsippet. Geir Vestheim gjer svært godt greie for dette i boka «Fornuft, kultur og velferd» (identisk med doktoravhandlinga hans frå 1997 – det viktigaste som til no er skrive om norsk folkebibliotekpolitikk!)

    On request: Annleislandet = The Different Country / Anderledelslandet /Annorlundalandet
    Gratisprinsippet står minst like fast i dag som i 1997, faktisk takk vere kulturminister Trond Giske i 2005, godt understøtta …
    read more »

    februar 12, 2020

    Migrasjonsbibliotek-bloggen

    Det finst framleis ein del litteraturbloggar i bibliotekregi, men ikkje mange som nærmar seg det bibliotekpolitiske. Men Migrasjonsbibliotek-bloggen kan vere noko å prøve. Han handlar om «integrering, mangfold, migrasjon, rasisme, litteratur, flerkultur, sosial kontroll, forskning, Skandinavia, migrasjonsforskning, tilhørighet … ».

    februar 12, 2020

    Personvernet på biblioteka? (reprise på reprisen)

    Nettstaden e24.no skriv om «flere omfattende sikkerhetsbrudd i datasystem i skolene den siste tiden.» Og vidare: «Datatilsynet bekymret. – Kommunene og fylkeskommunene er ikke rustet til å håndtere dette, sier direktør Bjørn Erik Thon.»

    Det er altså personvern det handlar om. Vi har fleire gongar påpeika kor usikkert dette kan vere også i bibliotek, men med håp om at nokon kunne fortelje at no er dette «på plass» i datasystem A, B og C. Men utan ein lyd.

    Kva no, folkens? Er kommunar og fylkeskommunar betre rusta på bibliotekfeltet?

    februar 12, 2020

    Bra Bokhylla-bruk

    På bloggen sin har no Eirik Newth ein gjennomgang av boka si «Fremtiden» frå 1999. Han diskuterer med seg sjølv om kva han hadde rett i og kor han tok feil i spådomane om framtida, les: No. Og han lar oss dobbeltsjekke ved å gje lenke til boka på bokhylla.no.

    februar 12, 2020

    Her må biblioteket ikkje bli utegløymt

    Barne- og familiedepartementet «arbeider med en ny strategi for barn i lavinntektsfamilier, og vi vil gjerne ha dine innspill om utfordringer og løsninger på området».

    Vi veit ikkje om bibliotek var tema på innspelsmøtet?