Archive for mars, 2020

mars 30, 2020

Dårlege utsikter for bokskattane

I USA er det dugnad på gang i universitetsbiblioteka: Når no helsevesenet skrik etter masker, hanskar osv., ofrar biblioteka lagra sine av slikt, som elles blir brukt til restaurering av gamle bøker.

mars 30, 2020

«Biblioteka har meir enn tredobla utlånet av e-bøker»

Fylkesbiblioteka, i alle fall i Vestland, har ikkje somla med å følgje opp e-bokmillionane frå staten. For første gong, trur vi, har vi lese noko i Fjordenes Tidende (Nordfjord-blekke):

«Biblioteka merkar at etterspurnaden etter e-bøker har skote i vêret no når vi er i ein unntakstilstand. På slutten av dagen onsdag denne veka, etter at det var kjøpt inn mykje nytt, var det allereie lånt ut 1.500 bøker. Det er meir enn 1000 utlån meir enn i eit “normaldøgn”».

mars 29, 2020

Bibliotekkrisa i Larvik

Formannskapet i Vestfold og Telemark-byen (!) stengde møtet då dei skulle avgjere lagnaden til biblioteket etter brannen i november. I dette lesarinnlegget i Østlandsposten meiner tre røynde bibliotekarar frå byen at «Det er oppsiktsvekkende og uhørt at en så viktig sak preges av hemmelighold og mangel på åpenhet». Og at å byggje biblioteket opp igjen der det stod er «å gå baklengs inn i framtida»:

«Biblioteklovens formålsparagraf legger som før vekt på samlinger, men stiller også store krav til nye medier og moderne formidling. Dette betinger …

read more »

mars 29, 2020

Internasjonalt e-bokeksperiment under Koronaen

4999651-M

Klikk og lån eller lytt til – maskininnlesen – lydbok 

I San Francisco har det ikkje-kommersielle Internet Archive eksistert sidan 1996, ein organisasjon i stor grad styrt av bibliotek-logikk og starta av Brewster Kahle, ein dataingeniør som til dagleg kallar seg digital librarian.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

I tenesta deira, Open Library, starta dei for nokre dagar sidan ein ny praksis når det gjeld formidling av e-bøker som kan sterkt utfordre det som bok- og mediebransen og nasjonale og internasjonale styresmaktar oppfattar som den ideelle balansen mellom bibliotekutlån og boksal.

Eller kanskje det kan ende med sameining på eit nytt og meir brukarvenleg nivå?

read more »

mars 28, 2020

Sosiale media underlagde krise-kontroll

«Opne Instagram i desse dagar, og du kan bli bombardert med oppfordringar om at «Hald deg heime». På YouTube får du kanskje ei lenke til ein regjeringsnettstad om Koronaviruset. Eller gå til Twitter og søk på uttrykket «å halde avstand er ikkje effektivt». Det kan finnast der, men sannsynlegvis ikkje lenge – fordi Twitter har forbode setninga som skadeleg».

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Dette er innleiinga i ei sak på NBC News onsdag denne veka. Ikkje slik å forstå at vi meiner at meteren til nestemann er feil, men det er prinsippet det handlar om. Vi berre omset vidare, før vi tar laurdagskvelden:

read more »

mars 28, 2020

Lista med kreative Koronatiltak i bibliotek i inn- og utland

Denne lista inneheld 35 gode tiltak og idear per 24. april kl 12.41 (éitt nytt sidan sist). Klikk og kikk. Samtidig finst det no 50 blogginnlegg med taggen «Korona og biblioteket».

Temaet korona er «populært». Tysdag denne veka blei det rekord på bloggen med 1636 nedlastingar.

mars 28, 2020

Bibliotek blei tilhald for ungane til samfunnskritiske*

Skjermbilde 2020-03-28 20.44.01

«Samfunnskritikken» slår endeleg om seg i norsk presse! Her utviklinga ifølgje Atekst 

Då dei stengde folkebiblioteka i San Francisco valde byrådet å tilby lokala til ungar av foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar under pandemien. Slik skolar og barnehagar blir brukte her i landet.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

* Lovnad: Dette er absolutt siste gongen vi bruker «samfunnskritisk» om denne gruppa, når vi meiner personell med «kritiske samfunnsfunksjonar». Denne gongen var det for 1) å gjere tittelen så mystisk at folk ville lese og 2) å få god merksemd om denne erklæringa.

mars 28, 2020

Biblioteket og den NESTE krisa

Skjermbilde 2020-03-28 15.32.03

Ein realitet i UK. Snart også i Noreg?

Biblioteka gjer seg populære på fleire felt i desse dagar, med ekstra satsingdigitale tilbod av dels ny type og freske tiltak til og med når det gjeld p-bøker. Men korleis blir det muleg å kome på offensiven for folkebiblioteket når den første, for ikkje å seie andre pandemibølga, er slutt om, får vi håpe, nokre månader?

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Vi ser og høyrer ikkje mykje om den komande økonomiske krisa på tv og i hovudstraumspressa, men i media som Kommunal Rapport og i vekeavisene Dag og Tid og Morgenbladet og i Klassekampen kvar dag, handlar det mykje om at både den nasjonale og lokale økonomiske krisa etter Koronaen blir den eigentlege krisa. Og denne vil råke dei yngre generasjonane endå hardare enn dei eldre. Vi sistnemnde kan trass alt ikkje uroe oss for nokon arbeidsplass og sjeldan for himmelhøge bustadlån. Vi skal berre få vente endå lenger på sjukeheimsplass.

>> Dette blogginnlegget blei publisert 28. mars. Først 14. april registrerte eg at NRK P2 hadde innslag om Koronaen og følgjene for samfunnsøkonomien. 

Også i normale tider har Helse, Omsorg og Skole vore klart høgst prioritert av ulike regjeringar og parti, ikkje berre av Carl I. Hagen. Og kva no, når både skatteinngangen og dei kommunale inntektene (som alle brukarbetalingane og kollektivinntektene) vil bli sterkt reduserte, og sosialstøtta må aukast sterkt? Regjeringa har brukt oljepengar til å bøte på dei kortsiktige problema i næringslivet og for delar av samfunnet, men kva med dei langsiktige økonomiske problema? Ikkje er det politisk vilje til å bruke resten av oljefondet til drift av kommunar, og ikkje vil det monne nok på sikt heller.

Her på bloggen har vi vore på reportasjetur og skrive mykje om krisa for britiske folkebibliotek gjennom heile det siste tiåret. Og hevda at også norske bibliotek vil havne der, etter ein omgang eller to med tommeskruen på kommuneøkonomien. No er vi der snart, godt og vel.

Vi innleia med å kritisere riksmedia for å gå rundt desse utfordringane. Men i går var NRK.no ute med: «Etterlyser kommunepakke: – Inntektene fell med milliardar no»: Regjeringa seier at «Det er ikke et akutt likviditetsbehov i kommunesektoren nå», men finansbyråden i Oslo, Einar Wilhelmsen (MDG) «meiner det er for seint å få reelle avklaringar rundt dette i revidert budsjett i mai». Og førre dagen hadde same nettstad ein kronikk der Thomas Hylland Eriksen letta litt på lokket: «Når støvet har lagt seg».

Det var nok apokalypse for i dag. Frametter vil denne bloggen forsøke å starte debattar om kva vi kan gjere for å forsvare bibliotektilbodet og demokratiet. Til no har koplinga mellom desse to institusjonane mest handla om sjølvfølgjer, slagord og festtalar og dårleg fundert hylling av «debattbiblioteket» og av «møteplassen». Men etter Koronaen må forsvarskampen for biblioteket og for demokratiet bli heilt konkret og henge nært saman.

mars 27, 2020

Biblioteket, den nye kinoen?

Skjermbilde 2020-03-27 22.15.27«Gi bibliotekene enda større ansvar for norsk film». Dette er overskrifta til ei sak på Rushprint i går. Utgangspunktet er at kinoane er stengde og at «på de kommersielle strømmetjenestene og VOD-plattformene er norske filmer stort sett gjemt bort, bortsett fra en og annen blockbuster eller barnefilm». Mens biblioteka jo har Filmbib og digitale lånekort.

>> Sjå innlegg etter lanseringa, 17. april.

Og snart Filmoteket, «en ny strømmetjeneste [som] lanseres i april, med mål om å kunne tilby 1000 filmer innen utgangen av året. Det er et samarbeid mellom bibliotekene og Norgesfilm som vil utfylle den allerede eksisterende distribusjonsportalen for innkjøpsordningen for kort- og dokumentarfilm, Filmbib, som ble startet opp for over fire år siden». Sjå ein kort presentasjon av Filmoteket i VG/Peil for ei veke sidan.

Dette er tydelegvis ein idé heilt i startfasen, men Lismoen avsluttar: «La oss håpe at ordningen vedvarer når bibliotekene åpner igjen. Den kan bidra til å gjøre porten videre for de der ute som ennå ikke vet at de trenger norsk film».

Noko vi liker her, etter å blogga frustrert om bibliotek og film i fleire år.

mars 27, 2020

Stengt bibliotek, men ope bibliotek-WiFi på P-plassen

Skjermbilde 2020-03-27 20.15.38Ved eit Korona-stengt bibliotek i Pennsylvania har dei likevel ikkje slått av trådlausnettet, slik at folk utan nett-tilgang heime kan sitje i bilen og bruke biblioteknettet. Dette er i tråd med ei tilråding frå den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA. 20 millionar amerikanarar, av desse 7 millionar skoleelevar, manglar nett heime, noko biblioteka har lang tradisjon for å bøte på.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Truleg kan du også bruke nettet om du ikkje har bil, men då har vi dette med ein meter eller var det to til nestemann.

mars 27, 2020

Take-away-rørsla tar fart

Skjermbilde 2020-03-27 06.19.35

Tradisjonen er lang med utplassering av lokale bok-depot i Bygde-Noreg. 

I dagens avis har Klassekampen følgt opp dei nye take-away-biblioteka og vore i Hole i Buske… Viken og fått kome inn på det stengde biblioteket, men der dei pakkar bøker som folk har tinga til henting i ei kasse utanfor biblioteket:

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

«De forhørte seg med kommunelegen, som vurderte deres ordning som trygg. – Det er forskjell på et stort bybibliotek og oss som er så små. Her går folk forbi på vei til butikken og kan plukke opp en bok i en kasse der det bare ligger to konvolutter med bøker, så vi kan ikke se at det er noen risiko, … Foreløpig er ordningen begrenset til utlån. Biblioteksjefen har ikke konkludert med hva de skal gjøre med innlevering av bøker».

På Deichman i Oslo jobbar dei i staden med å digitalt erstatte biblioteket som fysisk møteplass. « … vi jobber med digitalt innhold, som debatter og intervjuer», seier kommunikasjonssjef Jørn Johansen.

mars 26, 2020

Koronaen no søkemotorisert

CORD-19 explorer er ein full-tekst søkemotor for COVID-19 Open Research Dataset. P.t. 508 treff på søkeord «Norway».

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

mars 25, 2020

«Følg Blogg via Epost»

Dette tilbodet finn du nede til høgre her. Saman med p.t. 816 andre kan du enkelt få e-post kvar gong det kjem ein ny bloggpost. Fredag morgon kjem vekas oppsummering på forumet biblioteknorge.

mars 25, 2020

Digitalt lånekort i Noreg versus Luxembourg

Nasjonalbiblioteket har saman med Bibliotek-Systemer As lansert digitalt nasjonalt lånekort: «Dette er et fullverdig nasjonalt lånekort som lånere uten nasjonalt lånekort fra før kan skaffe seg ved å registrere seg på nb.bib.no. Tjenesten krever at man identifiserer seg ved hjelp av ID-Porten (MinID, BankID, m.fl.)».

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Men i Luxembourg kan du få digitalt lånekort i tre månader ved berre å sende namn og adresse osv. i ein e-post.

mars 25, 2020

Australsk eventyrstundeventyr

Skjermbilde 2020-03-25 21.13.49Den australske bibliotekforeninga annonserer at biblioteka i landet no står fritt til å halde eventyrstunder og liknande på nett, utan å måtte tenkje på å be korkje forlag eller forfattar og eventuelle kunstnarar om løyve og utan å måtte betale vederlag. Og dei står fritt til leggje videoane ut på Facebook, Youtube osv. Dette ifølgje ein fersk avtale mellom forfattarforeininga, bokbransjen og bibliotekforeininga.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Vilkåra er at bibliografiske data skal framgå på rulletekstar og liknande, og at når WHO har meldt «faren over», skal alle opptak slettast og fjernast frå nettet.

Og ein kan jo sjå på det som svært god reklame i ein periode, både for biblioteka, forlaga og kunstnarane. Fleire barn enn dei som brukte bibliotek fram til Koronaen vil kunne bli bibliotekbrukarar etter dette, i tillegg til at boksalet kan auke.

NB: Dette er altså ikkje regelen i Noreg. Her har Forfattersentrum gått ut med eit Anbefalt midlertidig rammeverk for digitale opplesninger, og Nasjonalbiblioteket har generelt minna om opphavsretten. Det er ingen grunn til å sabotere dette, innan ein eventuelt inngår ein liknande avtale her i landet.

Translate »