Archive for mars 15th, 2020

mars 15, 2020

Lær og lån frå Bergen off

Når p-biblioteket er stengt, må vi utnytje det elektroniske maksimalt. Bergen offentlige bibliotek har ei flott liste på heimesida si over «Frie e-bøker». Dette hjelper ikkje på dei tapte utlånstala i bibliotekstatistikken, men hadde eg vore bibliotekheimesideredaktør, hadde eg kopiert og limt uhemma frå denne lista og gjort henne godt tilgjengeleg frå mi eiga startside. Eller enkelt og greitt lenke til Bergen.

mars 15, 2020

Lesetips i Koronaens tid

Bloggaren er ihuga lydbokbrukar (men må ty til kommersiell app så lenge ingen vil leggje skikkeleg til rette med e-lydbøker i bibliotek). Det er sjeldan å sjå samtidige lesarar av ikkje-blockbusters, men i dag høyrer «15 andre» enn meg på «Pesten» av Albert Camus, jf. teksten øverst her.

Dette er eit verkeleg høgdepunkt i europeisk romankunst. Eg las boka på tidleg 70-tal og lytta til henne i fjor. Men det er ei ny oppleving å repetere henne i dag. Er i dag meir på leit etter det medmenneskelege og optimistiske i boka. Og finn mykje av det.

Translate »