
Biblioteksongdiktar Tore Berger syng i eit bibliotek
Det er helg og ein må inniblant slappe av oppi alt Korona-alvoret. Med biblioteksongar. Lesarane av denne bloggen kjenner til mange songar, dikta av bibliotekfolk med lyriske talen … ambisjonar. Dei aller fleste svært bibliotekpolitisk korrekte. Men faktisk har også seriøse artistar prøvd seg i sjangeren. Her kjem tre av dei; to norske og ein svensk.
Lenge gjekk «Du må ha ei bok for å finne gleden» for å vere landets beste biblioteksong, men denne er også ganske prydeleg og trad. Finn Evensen (Bjelleklang) gjorde låta, men Trond Granlund gjorde henne kjent under opninga av Lørenskog bibliotek sine nye, flotte lokale i 2011. De finn teksten på side 9 i Bibliotekforum nr. 5 frå 2011.
Men så tipsar medbloggar og bibliotekaktivist Mikael Böök meg i dag om ein skikkeleg lang og god bibliotekballade!: «Upplands Väsby bibliotek 1887 – 2015». Ex-proggrockar Tore Berger er ansvarleg for tekst, melodi og framføring. Her får vi ein spydig versjon av heile livshistoria til eit konkret bibliotek i ein forstad til Stockholm! Utgangspunktet for songen er at biblioteket har visse problem, blant anna med kombinasjonsbibliotek og at lokala er på andre høgda, i alle fall var dei det i 2015. Og det ser ut til at dei i dag berre delvis har kome ned på gateplan.
Blant alt som skjer gjennom dei 17 versa, er det enkelte ting som er spesielt interssante for oss her i landet, som til dømes …