Archive for mars 25th, 2020

mars 25, 2020

«Følg Blogg via Epost»

Dette tilbodet finn du nede til høgre her. Saman med p.t. 816 andre kan du enkelt få e-post kvar gong det kjem ein ny bloggpost. Fredag morgon kjem vekas oppsummering på forumet biblioteknorge.

mars 25, 2020

Digitalt lånekort i Noreg versus Luxembourg

Nasjonalbiblioteket har saman med Bibliotek-Systemer As lansert digitalt nasjonalt lånekort: «Dette er et fullverdig nasjonalt lånekort som lånere uten nasjonalt lånekort fra før kan skaffe seg ved å registrere seg på nb.bib.no. Tjenesten krever at man identifiserer seg ved hjelp av ID-Porten (MinID, BankID, m.fl.)».

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Men i Luxembourg kan du få digitalt lånekort i tre månader ved berre å sende namn og adresse osv. i ein e-post.

mars 25, 2020

Australsk eventyrstundeventyr

Skjermbilde 2020-03-25 21.13.49Den australske bibliotekforeninga annonserer at biblioteka i landet no står fritt til å halde eventyrstunder og liknande på nett, utan å måtte tenkje på å be korkje forlag eller forfattar og eventuelle kunstnarar om løyve og utan å måtte betale vederlag. Og dei står fritt til leggje videoane ut på Facebook, Youtube osv. Dette ifølgje ein fersk avtale mellom forfattarforeininga, bokbransjen og bibliotekforeininga.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Vilkåra er at bibliografiske data skal framgå på rulletekstar og liknande, og at når WHO har meldt «faren over», skal alle opptak slettast og fjernast frå nettet.

Og ein kan jo sjå på det som svært god reklame i ein periode, både for biblioteka, forlaga og kunstnarane. Fleire barn enn dei som brukte bibliotek fram til Koronaen vil kunne bli bibliotekbrukarar etter dette, i tillegg til at boksalet kan auke.

NB: Dette er altså ikkje regelen i Noreg. Her har Forfattersentrum gått ut med eit Anbefalt midlertidig rammeverk for digitale opplesninger, og Nasjonalbiblioteket har generelt minna om opphavsretten. Det er ingen grunn til å sabotere dette, innan ein eventuelt inngår ein liknande avtale her i landet.

mars 25, 2020

Permittert eller karantenert bibliotekar?

Kvifor ikkje bidra til historia om biblioteket ditt i bibliotekhistorie-delen av lokalhistoriewiki.no? Gå til «Kategorier» borte til høgre og sjekk under til dømes «Folkebibliotek» om det alt finst ein artikkel. Mange av desse er berre påbegynte, så det finst ofte ein god del å bidra med.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Translate »