Archive for april 5th, 2020

april 5, 2020

Beredskapssvikt på bibliotekfeltet

Skjermbilde 2020-04-05 19.11.32I danske Kerteminde er biblioteket Korona-kreativt med Book en online-bibliotekar « … i op til en halv time over telefonen». Dette er ikkje noko nytt tilbod i danske folkebibliotek, men ekstra viktig no. I tillegg har dei Biblioteksvagten.dk,

Ganske mange av oss vil hugse den norske digitale referansetenesta Biblioteksvar (lenka er til ein kopi på Wayback Machine). Denne fanst i Noreg i nesten ti år, først som prosjekt, faktisk to; eitt i Vestfold og eitt i Oslo, og så som éi nasjonal teneste. Men berre fram til 2012 då Nasjonalbiblioteket kutta den økonomiske støtta til administrasjon. Svartenesta blei utført av omlag 250 bibliotekarar på dugnadsbasis. Dei blei fristilte til dette nokre timars innsats i månaden av arbeidsgjevarane sine, dei rundt 60 biblioteka som deltok.

Mange sakna denne tenesta, men ikkje mange nok. Argumentet for nedlegging var at bruken gjekk ned. Men det var før det hadde vore økonomi til noka skikkeleg marknadsføring.

Vi (underteikna var med heile vegen, som konsulent) starta opp omtrent samtidig i alle dei nordiske landa. Og hos dei andre finst tenestene framleis: Den danske Biblioteksvagten.dk, den svenske Bibblan svarar og den finske Fråga bibliotekarien.

Noko å sjå på igjen?

 

april 5, 2020

Bibliotek i bruk

Nrk P3 5.4.2020: «Det første han gjorde, var å låne bøker om bil på biblioteket, lese seg opp og sjekke ut bilar på YouTube».