
Berre 1 av 17 nettaviser bruker slike plakatar
>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.
Aldri har folk tileigna seg så mykje informasjon om eit emne som no. Koronakrisa dominerer alle kanalar og medieformer. Ved første augekast ser det ikkje ut til at kvaliteten er så galen heller. Det meste graviterer lojalt rundt regjeringa, med nokre avstikkarar til FHI, men norske aviser og medium har stort sett slutta å bruke konspirasjonsteoriar og falske nyheiter til klikkoptimering. Til dét er saka for alvorleg (unntaka er sånne som dette).
Så når informasjonsmengden er så lett tilgjengeleg og så homogen, så trengst vel ikkje lenger biblioteket med silinga si av kvalitet og aktualitet? Eller?
I går fann vi ein artikkel om flokkimmunitet som verka interessant, og på ein nettstad vi kjenner godt og som vel er så seriøs som nokon. Også i denne artikkelen vedgår sjølvsagt ekspertane at mykje er uvisst; søk i teksten på «tror» og «trolig» gjev seks treff. Men så spurde vi om artiklar som denne vil bli oppdaterte når det kjem ny kunnskap, …