Archive for april 14th, 2020

april 14, 2020

Kvar bibliotekar ein sosialarbeidar

Slik er det i alle fall i Auckland på New Zealand for tida. Når bibliotektilsette ikkje kan gjere nytte for seg i stengde bibliotek, blir dei heller med på ringing til eldre i byen som mange er utan internett og dermed ekstra isolerte, for: «Social interaction and helping people are key reasons they love their jobs …».

april 14, 2020

Biblioteksektoren må no utgreie digital beredskap på eiga hand

IMG_7497Kommunal- og moderniserings- departementet kom 3. april med ei pressemelding om at «Det er høy aktivitet og god fremdrift i arbeidet med å lage sammenhengende digitale tjenester i offentlig sektor. Det viser handlingsplanen for digitaliserings- strategien som nå er klar».

Handlingsplanen byggjer på strategien «Én digital offentlig sektor» frå juni 2019. Her gir søk i teksten seks treff på «bibliotek». Men alle står i såkalla «boksar», altså er det å rekne som litt småinteressant tilleggsinformasjon. Og det handlar berre om samlingar, nærmare bestemt om Nasjonalbiblioteket og bruken deira av kunstig intelligens i samanheng med samlingane. Pluss litt om Språkbanken, som ligg på NB. Ikkje uinteressant dette, men digitale bibliotektenester er faktisk meir enn samlingar, noko denne krisa har synt oss.

Og talentløysa tar ikkje slutt med dét:

read more »

april 14, 2020

Bibliotekkrisa på svensk

Skjermbilde 2020-04-14 11.44.30Den svenske Facebookgruppa «Bibliotek i coronakris» er interessant for norske bibliotek når dei skal opne igjen. Fleire svenske bibliotek har lang røynsle med å halde ope under Koronaen og prøve å ikkje spreie smitta.

2507 medlemmar per 14. april. Krev medlemskap, men det er ikkje noko problem for norskingar. Underteikna er rett nok 1/8 svensk.

Translate »