I slutten av mars siterte vi Rushprint på at biblioteket ville bli «den nye kinoen» når bibliotektenesta Filmoteket kom på plass i april. No er det april, og blant anna på biblioteket Sølvberget i Stavanger er dei i gang. Det er no rundt to hundre filmar i basen, men «Innen utgangen av 2020 er det minimum 1000 filmer tilgjengelig», skriv dei på heimesida til Filmoteket.
Først då bør vi nok avseie dommen om utvalet av filmar. Men per i dag er det så ymse. Sjølvsagt må det vere ein del klassikarar i eit bibliotektilbod, og sånt som er blitt heitande «drama». Både for vaksne og barn. Men ein del USA-produsert «moderne B-film» finn vi også her, slike ein aldri ser på norsk kino, slike som for tjue-tretti år sidan berre kom i videosjappene og som i dag berre kjem på strøymetenestene (dei kommersielle). Men her trengst det betre analysar når det har gått ei tid. Samanlikningar med Netflix, Apple osv. hadde vore interessant, ikkje av volum, men sjanger og kvalitet.
PS 17.4. kl 14.56: Vi fekk ein kommentar privat om at vi ovanfor var for negative til utvalet. Etter å klikka på lenker i Filmoteket til basen IMDb står vi att med ein god del for oss ukjende filmar med 7 «stjerner», som er bra, men også fleire med 6, 5 og heilt ned i 4.
Men til ein viss grad er dette endå ei …