Filmoteket er her! Nokre stader

IMG_7506I slutten av mars siterte vi Rushprint på at biblioteket ville bli «den nye kinoen» når bibliotektenesta Filmoteket kom på plass i april. No er det april, og blant anna på biblioteket Sølvberget i Stavanger er dei i gang. Det er no rundt to hundre filmar i basen, men «Innen utgangen av 2020 er det minimum 1000 filmer tilgjengelig», skriv dei på heimesida til Filmoteket.

Først då bør vi nok avseie dommen om utvalet av filmar. Men per i dag er det så ymse. Sjølvsagt må det vere ein del klassikarar i eit bibliotektilbod, og sånt som er blitt heitande «drama». Både for vaksne og barn. Men ein del USA-produsert «moderne B-film» finn vi også her, slike ein aldri ser på norsk kino, slike som for tjue-tretti år sidan berre kom i videosjappene og som i dag berre kjem på strøymetenestene (dei kommersielle). Men her trengst det betre analysar når det har gått ei tid. Samanlikningar med Netflix, Apple osv. hadde vore interessant, ikkje av volum, men sjanger og kvalitet.

PS 17.4. kl 14.56: Vi fekk ein kommentar privat om at vi ovanfor var for negative til utvalet. Etter å klikka på lenker i Filmoteket til basen IMDb står vi att med ein god del for oss ukjende filmar med 7 «stjerner», som er bra, men også fleire med 6, 5 og heilt ned i 4. 

Men til ein viss grad er dette endå ei … long tail inntektskjelde for filmbransjen. Altså «gjenbruk» av delvis «oppbrukt» materiale, på ein måte slik Bokhylla.no er ein long tail for bokbransjen.

Men mens staten betaler bruken av Bokhylla med skattepengar, må det enkelte biblioteket/kommunen betale bruken av filmane med 25 kroner per «lån».

Blant anna derfor er slett ikkje alle norske bibliotek med på ordninga. Enno?

Det enkelte biblioteket må vel også stå inne for tilbodet, eller er dét heilt 1970? Og dei kan ikkje gjere avtale berre om eit utval titlar, etter det vi kan sjå. Likevel kan dei gjere som Sølvberget, å lage ei liste med filmtips til publikum. Truleg må ikkje biblioteket betale for titlar folk ikkje strøymar? Vi kunne ha spurt, men det er fredag … (bruk kommentarfeltet, dei som veit noko).

25 kroner per «lån». Kor dyrt er det? Har nokon rekna på kostnadene per utlån av fysiske videoformat? Og i Filmoteket er det »bruksmodellen» som gjeld, ikkje «eksemplarmodellen», som for e-bøker i bibliotek. Snadder for bibliotekstudentar som snart skal melde på batchelor- og masteroppgåver? Nei, det har dei vel gjort alt.

TONO bruker på heimesida si uttrykket «vinn-vinn» om Filmoteket. Det har dei sjølvsagt rett i, men det må vere første gongen ein representant for rettshavarane vedgår så ope at bibliotekbruk har ein positiv effekt for dei. 😉

PS 1: Film-nettstaden Rushprint har laga ei 10-på-topp-liste over dokumentarar og serier av høg kvalitet, med titlar frå brasiliansk demokratisk kollaps til countrymusikk. Sjølv om sånt ikkje er bibliotektilbod vil nok lånarar setje pris på ei lenke til dette på heimesida til det e-opne folkebiblioteket.

PS 2: Vi har i det siste vore slappe med å illustrere blogginnlegg med filmar, men her er lista vår.

4 Responses to “Filmoteket er her! Nokre stader”

  1. For å svare på spm. «Truleg må ikkje biblioteket betale for titlar folk ikkje strøymar?» velger jeg å sitere fra tjenestebeskrivelsen til Filmoteket:

    «Hvert utlån av film koster biblioteket 25,- (eks mva) og der biblioteket kun faktureres etter faktisk
    forbruk/ utlån. Det tilkommer hverken etablerings- eller tilknytningsgebyr, abonnementskostnad, lisens
    eller annet. Ingen skjulte kostnader.»

  2. Legger til at Filmoteket i dette øyeblikk rundet 500 filmer i tilbudet. Katalogen er dermed betydelig utvidet siden åpningen i april og slik som planlagt, og tjenesten er i rute til å ha minimum 1000 filmer innen årets slutt.

    Filmoteket har også siden åpningen utvidet nedslagsfeltet kraftig. Bibliotekenes filmtilbud er nå tatt i bruk av bibliotek som til sammen dekker over 50% av Norges innbyggertall, så ‘Nokre stader’ kan nå sies å være ‘Mange stader’. Dette synes vi i Kristiansand som leverandør av tjenesten og samarbeidspartner av bibliotekene er veldig gøy og motiverende!

    Vennlig hilsen
    Anders Koppang-Grønn, daglig leder Norgesfilm As (leverandør av Filmoteket)

Trackbacks

Leave a Reply