Archive for april 20th, 2020

april 20, 2020

Bok-rens og -karantene IKKJE naudsynt

Skjermbilde 2020-04-23 11.57.07

Reingjering av bøker i 1709

Bibliotekarforbundet skriv på heimesida si at dei har vore i kontakt med Folkehelseinstituttet (FHI) og fått ein del generell informasjon om smittefare og kor lenge viruset overlever på ulike overflater.

Sjå også «Sju forslag for den nære framtida».

Av konkret interesse for bibliotekdrift er det at «Den indirekte smitten av SARS-CoV-2 fra bøker vurderes som svært begrenset». Dette er vel også andre nasjonars bibliotekorganisasjonar kjende med, men der står likevel karantene for bøker sentralt i det vi har funne til no. Utan at karantenetid er fastslått.

>> Nytt 22.4.: Etter kontakt med FHI vurderer Nasjonalbiblioteket «det slik at risiko for indirekte smitte fra bøker er lav. Det å iverksette spesielle tiltak som å sette bøkene i karantene eller rengjøre bøkene på grunn av covid-19 er ikke nødvendig» (vår utheving)

Ein annan ting er om folk, særleg dei i risikogruppene, vil stole på dette.

BF presiserer at …

read more »

april 20, 2020

Danske bibliotekorganisasjonar krev gjenopning

Skjermbilde 2020-04-19 14.37.13

Ca. 1910: Lukka hyller på Deichman for at ungdom ikkje skulle velje «uheldig» litteratur

I Danmark har i dag kulturministeren fått ei tilråding om å opne biblioteka igjenBak brevet og eit dokument med to ulike scenario om gjenopning med eller utan «borgeradgang til det fysiske rum», står Forbundet Kultur og Information, Bibliotekschefforeningen og Danmarks Biblioteksforening.

Det første scenarioet går i realiteten på tinging av bokposar, sett i system. Det andre betyr opning av lokala for alle, men med fleire grenser, til dømes for kor mange som kan vere i lokalet til kvar tid. Noko som vil krevje vaktmannskap. Meiropne, sjølvbetente bibliotek meiner dei må vente. Karantene for bøker må gjelde for begge scenarioa, men kor lenge seier dei ikkje.

For ei veke sidan skreiv vi om korleis bibliotek i USA og Sverige ordna seg før biblioteka blei stengde (I Sverige er fleire framleis opne).

 

april 20, 2020

Digital sjølvberging

Skjermbilde 2020-04-20 10.21.22I ein ny artikkelserie i Klassekampen er dette temaet. Og begge dei første artiklane ligg på ope nett; intervju med Helene Bank laurdag og Øystein Eriksen Søreide i dag. 

Bank siterer blant anna Evgeny Morozov, som nyleg i eit intervju med Klassekampen sa «at han ønsker seg en digital «new deal». Han mener at teknologien i dag tjener et nyliberalistisk prosjekt, og at digital infrastruktur bør gjøres statlig. Men hvordan oppnår vi digital suverenitet? Punkt én er å sørge for offentlig lagring av offentlige data, mener Helene Bank. I tillegg bør vi bygge opp statlige digitale tjenester».

Minnar om at medbloggar Mikael Böök har foreslått ein eigen internasjonal library cloud utfrå at vi ikkje kan stole på dei kommersielle verken når det gjeld personvern eller uavhengighet av styresmakter. Eller når det gjeld økonomisk soliditet. 

 

Translate »