Når biblioteka opnar igjen (det skjer no enkelte stader i landet) vil det vere med ganske omfattande smittevern-tiltak, men likevel kan ikkje den nye «bibliotek-normalen» bli på langt nær som før koronaen. Blant anna fordi kvar femte innbyggjar må vere endå meir forsiktig enn i mars og april.
På fagforumet biblioteknorge i dag er det høg temperatur på debatten om opning av folkebiblioteka etter den verste smitteperioden. Bibliotekarar har venta på ei skikkeleg rettleiing slik andre sektorar har fått, men Nasjonalbiblioteket og Kulturdepartmenetet signaliserer 27. april praktisk talt «faren over», så lenge ein held seg til generelle førebyggjande tiltak mot smitte.
Men nokre bibliotek har utarbeidd sine eigne planar i samarbeid med kommuneleiinga og kommunelegen, og desse er spesifikke på situasjonen i bibliotek og nokre ganske detaljerte. Blant anna har Modum/Midt-Buskerud bibliotek eit godt utgangspunkt …