Archive for mai, 2020

mai 31, 2020

Heimekontor på biblioteket

Skjermbilde 2020-05-31 18.56.42

Område for god stemning

Ifølgje nettstaden Building Design & Construction har 62 prosent av US-amerikanarane jobba heimefrå under Koronaen. Og om lag halvparten av desse kjem til å halde fram med dette fleire dagar i veka. Men dei vil ikkje nødvendigvis «jobbe heimefrå» … heimefrå:

«Når offentlige rom bli opna igjen vil mange nytte høvet til å jobbe heimefrå på ein «tredje plass», der dei kan oppleve sosial tilknytning og få kjensla av å høyre til, samtidig som dei får roen dei treng for å få gjort jobben sin. Offentlege bibliotek vil kunne møte ein auka etterspurnad etter slike tredje plassar. Dei tilbyr ikkje berre WIFI, skrivarar, skannerar, kopimaskiner, informasjonsressursar og kunnskapsrike medarbeidarar, men også ulike område som passar for ulike typar arbeid (eller som passar skiftande stemningar) gjennom dagen».

Desse og fleire kvalitetar kan lett trumfe «alboge-til-alboge-sitjeplassar på Starbucks», heiter det til slutt.

Men det krev at biblioteka får re-designa lokala sine til låg smitte-risiko.

mai 31, 2020

Ikkje berre e-biblioteket treng krisepakke

Skjermbilde 2020-05-31 10.42.31

Bibliotekbrukar anno mars 2020 og framover. Public domain.

Rundt i landet skal etter kvart 662 folkebibliotek medrekna filialar, 261 fagbibliotek, 56 høgskolebibliotek, 65 universitetsbibliotek osv osv (kjelde: Base bibliotek) opne lokala sine for eit publikum som sidan sist har lagt seg kraftig ut i breidda. Kvar og ein skal no ha ein meter til nestemann og -kvinne, bibliotektilsette såvel som andre lånarar. Fram til korona-vaksinen er her, eller til neste pandemi, vil dette vere normen. Jamfør Khrono og Dagsavisen nyleg. Det vil krevje ein ny «hygienisk» arkitektur, sjå nedanfor.

Arrangement i biblioteket vil krevje førehandspåmelding for å sikre ein meter mellom kvar deltakar og for å unngå smitterisikabel kø ved inngangen. Men slike restriksjonar vil i sin tur gje auka krav om videostrøyming, der i alle fall kunstnarleg medverkande vil ha rett på ekstra økonomisk godtgjering. Utarbeiding av slike satsar er sikkert rettshavarorganisasjonane alt i full gang med.

Men i utlånsareala må det bli omfattande ominnreiing og mange stader ombygging. Biblioteka vil måtte hive ut …

read more »

mai 30, 2020

Også du, Alexander McCall Smith :-(

Skjermbilde 2020-05-30 20.35.33For eit drygt år sidan blogga vi, indignert, om krimforfattarar som lar detektivane sine snoke i lånarregistre i bibliotek, iblant med entusiastisk hjelp av bibliotekarar, der dei får vite kva mordaren eller tjuven har lese av litteratur som kan setje ein på sporet og løyse ei sak. Noko som skal vere umuleg både teknisk (lånardata skal jo bli sletta etter innlevering) og bibliotekar-etisk (teieplikt, sjølvsagt!). Blant anna Roslund og Hellström og Ian Rankin fekk så hatten passa.

Og no ser vi at Alexander McCall Smith gjer det same i boka «The Department of Sensitive Crimes». Her er det ein svensk bibliotekar som villig vekk fortel om ein persons lån, av litteratur om varulvar, som får politiet til å leggje saman to og to (skotten McCall Smith, som tidlegare blant anna har skrive om «Damenes detektivbyrå» i Botswana, har no funne seg ein helt i Malmö-polisen).  Derfor berre terningkast 2.

mai 29, 2020

Tilbake til normalen, men til ein annan normal

Skjermbilde 2020-05-29 12.50.56

Happy – for now

Nasjonalbibliotekets har fått god presse på oppsummeringa si av korona-perioden til no. Dei skriv i ei pressemelding blant anna at «digitale tjenester har hatt mer enn 2,5 millioner besøk under koronakrisen. Brukerne har åpnet 800 000 bøker og over en million gamle aviser. … Vi tror den digitale bruken av Nasjonalbiblioteket vil vokse også når samfunnet normaliserer seg og vi åpner lokalene våre igjen».

Tilvenninga til det digitale biblioteket er verkeleg gledeleg. Men både NB og vi, og alle, veit jo sjølvsagt at tala er små mot tida før koronaen, då norske folkebibliotek lånte ut 2 millionar bøker i tilsvarande tidsrom, pluss alle bøkene som blei opna og lesne i biblioteklokala. Og som stort sett var meir aktuelle bøker enn dei frå før 2001 som NB snakkar om (det hadde vore moro å sjå tal også frå bokhandelen, som var open både fysisk og digitalt. Kor mykje selde dei av nye bøker og frå backlists?)

Vi reknar det som sjølvsagt at det etter kvart også vil kome detaljar om desse endå meir interessante ekstraordinære tiltaka som Abid og Aslak lanserte 23. mars:

read more »

mai 29, 2020

Innkjøpsordningsproblemløysing

Skjermbilde 2020-05-29 11.32.35Det er fredag og lov å ikkje vere heilt seriøs (sjølv om mange meiner denne bloggen er det heile tida, altså useriøs). Men til saka: Det er eit problem at debattane om innkjøps- ordningane, om formidlinga av litteratur og kunnskap versus kakeformer og fiskestenger, ja, om heile innretninga på det moderne folkebiblioteket, sjeldan eller aldri blir grundige. Debattane blir berre korte blaff.

Som på baksida i Klassekampen i dag, der signaturen Hallup igjen gjer dette til lettbeint petit-stoff. Men ho eller han gjer det meir elegant enn vanleg:

read more »

mai 28, 2020

Full ominnreiing av Nye Deichman?

Skjermbilde 2020-05-28 23.59.54Dei fleste lesarane av denne bloggen kjenner godt til historia om korleis det nyleg stengde hovudbiblioteket på Hammersborg i Oslo var blitt «umoderne» før det opna i 1935. Det bygde på ein elitistisk og lite fleksibel trapp-og-søyle-dominert bibliotekarkitektur som elles var forlate, til dømes fjorten år før i Stockholm då dei opna det nye hovudbiblioteket sitt.

Men no kan det vise seg at dei mykje omtalte opne løysingane i det nye biblioteket i Bjørvika som opnar 18. juni er så smitte- og helsefarlege at det vil haste med større endringar der også. Og ikkje berre der, men i svært mange, for ikkje å seie alle moderne bibliotek som har som prinsipp å få flest muleg innbyggjarar til å bruke lokala.

Bakgrunnen for denne påstanden vår er blant anna ein artikkel i dag i Khrona: Smitteekspert trekker fram åpent kontorlandskap som høyrisiko. Som byggjer på ei sak i Dagsavisen om tilsvarande utfordringar i det nye regjeringskvartalet. Ordet bibliotek finst ikkje i artiklane, men begge illustrasjonane til saka i Khrono viser bibliotekrom, ei arkitektteikning av eit myldreareal og typisk «møteplass» og eit foto frå ein lesesal.

« … koronaviruset ser ut til å ha spredt seg svært raskt nettopp i kontorbygninger der det finnes åpne kontorarealer og fellessarealer hvor mange oppholder seg». Dette seier professor i smittevern Bjørg Marit Andersen, tidlegare smittevernoverlege ved Oslo universitetssykehus Ullevål, og ho konkluderer med at:

read more »

mai 25, 2020

Sagt om biblioteket

«Virkeligheten og verden vil bestandig gjøre seg gjeldende, så i siste instans kan ikke engang det mest omfattende bibliotek beskytte oss mot tilværelsens realiteter».

Henning Hagerup i Klassekampen 3.10.2015.

mai 24, 2020

Bibliotek-scenario-dugnad på amerikansk

Skjermbilde 2020-05-24 18.05.25

Scenario-rapporten «Bibliotekene i 2020» frå i 2006 tok ikkje høgde for ein pandemi. Men er slett ikkje uinteressant. Klikk og kikk.

Den US-amerikanske bibliotekforeninga ALA har ein mangfaldig nettstad med namnet The Library of the Future. Her har koronapandemien ikkje overraskande blitt eit svært synleg innslag den siste tida. Dei har ein lang artikkel med ulike scenario for kva som kan skje og som bør skje, når og om det skjer. For å seie det slik.

Vi har fort og gæli omsett eit forkorta utval på 19 av dei utfordringane vi synst ser mest aktuelle ut for landet vårt. Forklaringane mellom kulepunkta har vi hoppa over. Nokre kulepunkt er heilt konkrete, andre strukturelle og meir bibliotekpolitiske. Men ver merksam på at originalen heile tida blir utvida og justert. ALA-medlemmar er oppmoda til å bidra:

  • Korleis vil det gå for bibliotekverdiar som personvern og intellektuell fridom når big data og sporingsteknologiar har blitt ein del av styresmaktene og samfunnet sitt svar på trugsmålet mot folkehelsa? 
  • Korleis vil biblioteka, som demokratiske og fridomselskande institusjonar, kunne fremje samtalar, diskusjonar og rom som verkeleggjer desse prinsippa?
  • Kva med bibliotekbudsjetta når sentrale og lokale styresmakter vil prioritere andre område?

Dette var berre dei tre første:

read more »

mai 24, 2020

Livet og litteraturen frå no av

Når vi no sit i heil- eller halv-isolat på snart fjerde månaden og ser på desse seriane på strøyming eller tv, så spør vi oss før eller seinare: Korleis blir dei fiktive samtidsskildringane etter pandemien, inntil vaksina, må vi håpe, blir allemannseige? Kjem politi og røvar til å halde ein meter avstand eller to? Og kva med dei romantiske scenane: Kyssing og slikt alt etter første daten vil gje publikum heilt feil idear, så det må vel bli av typen: Det var hyggjeleg å treffe deg, kan eg få mobilnummeret ditt og sjå koronatesten din?

Romanforfattarane har fordelen at dei kan overlate meir til lesarane sin fantasi. Men så blir vel framtida minimalisme og symbolisme? Om ikkje apokalyptisk sci-fi og tilsvarande framtidsromanar blir dei einaste truverdige sjangrane?

Morgenbladet har omsett ein tekst av Michel Houellebecq der han blant anna nærmar seg dette. Han refererer til ein kollega som har sagt at …

mai 23, 2020

Kommunekrise etter koronakrise

Skjermbilde 2020-05-23 15.33.18I Kommunal Rapport i går var den «store» nyheita at «Et stort flertall av kommunene tror koronakrisen gjør det nødvendig å kutte i budsjettet når det skal revideres før sommeren … 20 prosent av kommunelederne er usikre, mens bare 8 prosent sier de ikke trenger å kutte».

«Må kutte i skole og helse» er overskrifta i Klassekampen. Kor i køen kjem biblioteket?

Til Klassekampen i dag er ordføraren i Tromsø klar på at det blir store kutt: «Mens regjeringen anslår en skattesvikt på 1,1 prosent, beregner Tromsø selv et tap opp mot tre-fire prosent. Et konservativt anslag på tre prosent vil gi Tromsø kommune reduserte skatteinntekter på 195 millioner kroner. Det er 130 millioner mer enn regjeringens anslag. … I tillegg overgår koronautgiftene i kommunen de statlige krisemidlene som Stortinget har fått på plass. Tromsø kommune har hatt 70 millioner i utgifter, mens de har fått 50 millioner fra staten, ifølge ordføreren».

Les også:

.