Nasjonalbiblioteket i Madrid. Foto: Hugo Contreras (CC BY-SA 3.0)
Då vi i går skreiv om noko så moderne som eit flunka nytt bibliotek i dataspelet Mindcraft, reagerte vi på at dei valde å framstille det som eit 1800-tals nyrenessanse-slott. Men slik skulle store bibliotek vere på den tida. Også mindre bibliotek fekk gjerne dette preget, berre i mindre målestokk. Men kva får oppegåande intellektuelle til å gjere slike val på 2000-talet?
Vi såg oss rundt og fann raskt svaret: Det er slik «bibliotek» generelt blir oppfatta av dei som forvaltar kunnskapen. Vi såg til dømes på:
Også i 2020-talets dataspel er biletet av biblioteket slik som dette
Den tyske avdelinga av Reporterar utan grenser (RSF) har meir enn leika seg i dataspelet Minecraft. Dei har mekka “The Uncensored Library”, eit bibliotek for informasjon om og spreiing av sensurert informasjon frå fem av landa med strengast sensur i verda: Egypt, Vietnam, Russland, Mexiko og Saudi Arabia. Dei har vald Minecraft fordi spelet til no har gått fri for sensur. Viktig for RSF er at ungdom treng betre undervisning i emnet.
Läget.se, ei nettavis av journaliststudentar på Stockholms Universitet, har ei grundig sak om biblioteket. Og på Youtube har vi fått ein presentasjon på norsk.
Bloggaren hadde i går, 5. mai, eit debattinnlegg i Klassekampen under tittelen «Kva skal biblioteka gjere?» (den opphavelege tittelen står ovanfor). Innlegget startar slik:
No er det uro bak dei stengde bibliotekdørene: Kor snart og korleis skal dei opne igjen? Til skilnad frå mange publikumstenester blir det inga nasjonal rettleiing for biblioteka, trass i at dei får alvorlege ekstra utfordringar etter koronaen, både praktiske, økonomiske og politiske.
På linje med det meste anna blei biblioteka stengde 12. mars. Men bibliotekarane viste seg kreative: Nasjonalbiblioteket (NB) forhandla fram ekstraordinære utvidingar av digitale tenester, og lokalt følgde biblioteka opp med å samle alt digitalt i brukarvenlege portalar, dei opna «take-away» boktilbod og laga eventyrstundar på Youtube.
«Opninga av samfunnet» skal skje kontrollert, og mange får rettleiingar frå sentralt hald. Men ikkje biblioteka. …
Det er ingen sensasjon at norske folkebibliotek er dårlegast i Norden. Men i denne ferske rapporten «Folkbibliotek i Norden», utgitt av Kulturanalysnorden.se, får vi det «gnidd inn» skikkeleg. Til dømes diagrammet ovanfor som viser talet på årsverk per bibliotek i dei ulike landa (GL = Grønland og AX = Åland). Men denne seier kanskje mest om kor mange små kommunar med små bibliotek vi har, spesielt samanlikna med DK, FI og SE.
Det er ingen omfattande rapport, og det meste er typiske «KOSTRA-tal», som går meir på kvantitet enn kvalitet. Ein kan verkeleg lure på vitsen med ein slik publikasjon med eit fokus omtrent som i førre hundreåret, no når det faktisk skjer ein del nytt i biblioteka.
Tabellen nedanfor viser pengebruken i biblioteka, som heller ikkje får …
Ei sak på Khrono.no i dag som kan vere opplysande for oss (mange) som aldri har blitt «offer» for fagfellevurdering, men berre fått drittkjeft på Face og Twitter osv.