Mens norske folkebibliotek absolutt burde trengt økonomisk støtte til drift, meir personale og kanskje også tilpassing og utstyring av biblioteklokale for å skape trygge tilhøve, gir dei i dag 48 millionar til endå meir prosjektstøtte. Får sjå kva Nasjonalbiblioteket finn på med desse penga.
Partiet til kulturministeren støtta for få år sidan å gje ein bibliotekmilliard til biblioteka, også kalla bibliotekløft. Dette ville blant anna løfta dei mange små og mellomsmå biblioteka. Dei som no gjer at norske bibliotek er den suverene taparen i Norden.
Og kven har kapasitet til å søke og drive tidsavgrensa prosjekt no?
På heimesida til Sølvberget heiter det no: «Vi kan ha 10 besøkende inne samtidig og man kan oppholde seg i biblioteket i 10 minutter. Familier oppfordres til ikke å komme samlet, og foresatte bør hente og levere bøker for sine barn.
I denne fasen er det kun mulig å levere og hente bestillinger, enten det er bøker, filmer, tidsskrifter, tegneserier, lydbøker eller musikk. Andre bibliotektjenester er ikke tilgjengelige, det betyr at du for eksempel ikke kan bruke pc-er og printere.
I danske Hjørring er biblioteket på andre høgda i eit kjøpesenter
Danmarks biblioteksforening siterte i går eit notat frå ei ekspertgruppe under Statens Serum Institut (SSI) som går inn for at folkebiblioteka kan vere blant dei neste som opnar, saman med «detailhandel (herunder storcentre), professionel idræt uden tilskuere,kritiske offentlige arbejdspladser samt zoologiske- og botaniske haver». Men «biblioteker (kun ind- og udlån)».
I notatet snakkar dei blant anna også om ein «regionsopdelt model» i staden for ein nasjonal. Om dei i vesle, flate Danmark tar omsyn til regionale skilnader, så burde vel opning her i landet kunne skje på same måten? Då kunne kanskje bibliotek i dei mange små kommunane i Nord-Noreg der det er lite eller inga smitte opne først. Og no ser på nrk.no at helseminister Bent Høie «ikke utelukker at det kan komme lokale tiltak i tiden fremover».