Archive for mai 8th, 2020

mai 8, 2020

Koronarettleiar for norske bibliotek: Organisasjonane tok saka!

Skjermbilde 2020-05-08 13.06.28For halvanna veke sidan blei det brukt uvanleg sterke ord på fagforumet biblioteknorge* om korleis Kulturdepartementet, via Nasjonalbiblioteket, takla – eller ikkje takla – koronasituasjonen. Det NB i alle fall gjorde var å tipse om ein «Mal for smittevernveileder fra FHI». Og no har Norsk Bibliotekforening og Bibliotekarforbundet tatt affære og laga ei verkeleg god, detaljert og fleksibel «Smittevernveileder for bibliotek».

Ein eigen rettleiar er viktig, då både folke- og skolebibliotek skil seg frå dei fleste andre offentlege institusjonar og verksemder på ein del punkt.

Det eineste ein saknar er behovet for informasjon på fleire språk på plakatar og nettsider. Info til «barn eller personer med kognitive svikt» er nemnde, men ikkje andre minoritetar. Det finst generell info på mange språk om smittevern osv., men spesielle tekstar for bibliotekbrukarar må kunne lagast sentralt og enkelt tilpassast lokalt. Det siste er viktig i dette landet med svært ulike lokalsamfunn og bibliotek.

Her nokre kommentarar til viktige poeng i dokumentet:

read more »

Translate »