Det US-amerikanske tidsskriftet Library Journal har ein artikkel nyleg om at «Libraries Fight Misinformation on Coronavirus». Og det er sjølvsagt interessant, men denne gongen skal det på bloggen handle mest om ein metode og ein type arrangement : Civic Lab. Dette er i slekt med «debattbiblioteket» og litt med BTS, det opprinnelege temaet for denne bloggen.
I Skokie, Illinois, ein by med 60 tusen innbyggjarar, har biblioteket i nokre år hatt denne typen arrangement dei kallar Civic Lab. Ei arbeidsgruppe på ti tilsette frå alle avdelingane i biblioteket overvaker jamleg nyheitene og spør folk kva dei er opptatte av, og så arrangerer dei labs om desse tema. Dette er ikkje berre møte med samtalar, men her kan folk kome med …