Etter røynslene til biblioteka er dette eit framsteg. Men NBF og BF har jo alt laga ein Smittevernveileder for bibliotek. Denne blir også lista opp av regjeringa, men som eit døme på «utkast til smittevernsveiledere». Og dei skriv at «Det jobbes nå med å avklare spørsmål i forbindelse med disse». Så då kjem det likevel noko nytt derfrå?
Det hadde nok ikkje skada. Av ting vi les på nettet får vi mistanke om at …
Sjølvsagt stod det ingenting om bibliotek i det reviderte nasjonalbudsjettet, men det har det vel heller aldri gjort (og det einaste som står om kultur er om kompensasjonsordninga for inntektsbortfall. Så dei som framleis tar overdagspengar og sel berenett og kaffi kan jo søkje 🙂 ).
Men det står mykje om kommuneøkonomi, og det regjeringa vil bidra med her er det fleire meiningar om, sjå illustrasjonen og klikk for å sjå eit nyheitssøk om dette.
Så vil sjølvsagt bibliotek-kampane stå i kommunestyra til hausten. Men det skumle no, er at biblioteket ikkje gjer seg synleg, til dømes verken fremst eller bakarst …